Forsvarsmuseet har snudd i saka, og dermed må flyinteresserte i Berlin vike for kulturminnevernet.
Dramatisk romjul
Det var i romjula i 1942 Johan Gullbrå såg flyet koma innover frå Stølsheimen. Det naudlanda like nedom toppen på Kvitanosi i Voss kommune.
Seinare var augevitne Gullbrå også med å finna vraket og den eine av dei to som overlevde styrten. Fire omkom.
Sjølv om Gullbrå ikkje sjølv er sprek nok til å gå på Kvitanosi lengre, så er han glad at flyet får liggja i fred som eit kulturminne.
Planla rekonstruksjon
Flytypen er ein Focke-Wulf Condor, og «Museum fyr teknikk og verker» i Berlin var på jakt etter vengjene for å kunna rekonstruera eit fly i Berlin.
Forsvarsmuseet hadde gjeve dei klarsignal. Bygdefolket reagerte sterkt på dette, og fylkeskonservatoren innførte mellombels freding. No har direktør Rolf Sheen i Forsvarsmuseet snudd i saka. Vrakrestane skal få liggja i fred.
- I tillegg til å gje ei ekstra oppleving for turgåarane til Kvitanosi, er flyvraket også ei sterk påminning om Voss sin krigshistorie, meiner Reidar Ringheim frå Sogelaget på Voss.