Hopp til innhold

Flyttar psykoseposten i Førde

Styret i Helse vedtok i dag å flytte psykoseposten Eira i Førde til sentralsjukehuset.

Eira

Psykoseposten Eira i Førde.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Planane om å flytte psykoseposten frå avdelinga Eira har vekt sterke reaksjonar og tilsette-representantane var imot forslaget om at posten skulle flyttast. Dei ba om utsetjing av vedtaket, men dette forslaget vart stemd ned.

Administrerande direktør Jon Bolstad la tala fram under styremøtet i Helse Førde i dag: Totalt kan helseføretaket spare 1,8 millionar kroner ved å flytte psykoseavdelinga til psykiatrisk avdeling.

LES MEIR: Fjernar einaste psykoseposten

Styremedlem Rune Larsen likar ikkje at psykoseposten vert endra, og sa på styremøtet at det er fagleg uro om flyttinga. Styremedlem Kjell Nygård og Randi Fagereng var samd med Larsen, og meinte psykoseposten måtte greiast ut.