– Noko av det beste med å bu her er at det er stilt rundt oss. Det er ein uslåeleg verdi. Så skal det berre bli knust på den måten her.
Anne-Joril Bratlie Haugland og familien flytta heim frå Oslo for nokre år tilbake og bygde draumehuset nokre kilometer frå Nordfjordeid sentrum.
Fjord og fjell, familie og gode jobbar lokka dei heim. Men også stilla.
No kan idyllen vere i ferd med å breste.
Eit par hundre meter frå bustadfeltet er det planar om ein helikopterlandingsplass.
Det Haugland og mange andre naboar fryktar mest, er støy frå tidleg morgon til godt ut på kvelden.
Det er om lag 200 meter frå helikopterlandingsplassen til bustadområdet Løkjastranda utanfor Nordfjordeid.
Ifølgje ein støyrapport frå helikopterselskapet vil dei nærmaste bustadane få støy frå 52 til 62 desibel. Då er helikopterduren like høglydt som om nokon står og snakkar til deg.
Sintef viser til at flystøy eit frekvensinnhald som går rett i øyret sitt mest følsame område, og er lett å skilje frå anna bakgrunnstøy.
Fjordabladet har omtala saka tidlegare.
Fleire stridar
Også andre stader har det vore strid om helikopterturisme.
I Eidfjord snudde politikarane og sa nei til helikopterflygingar etter store protestar frå hytteeigarar og reiseliv.
Lenger sør ville Naturvernforbundet ha helikopter-nekt over turistmagnetane Preikestolen og Lysefjorden.
Vil flyge frå morgon til kveld
Det er Fjord helikopter AS som vil drive helikopterplassen i eit industriområde nær bustadfeltet.
I tillegg til turistflyging, vil selskapet ta kraftline-oppdrag.
Selskapet ynskjer løyve til 180 flybevegelsar i veka og 3300 flybevegelsar årleg. Innflyging og utflyging blir telt som to bevegelsar.
Selskapet vil flyge frå morgonen til 21.30 på kvardagane, helgedagar skal flyginga avsluttast klokka 20.
– Eg har full forståing for at ein er skeptisk, og ikkje nødvendigvis ønskjer ein helikopterlandingsplass i nærleiken, seier dagleg leiar Morten Wangen.
Cruiseskip på veg ut frå Nordfjordeid.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKWangen seier det reelle talet flygingar «truleg blir lågare» enn søknaden.
I år kjem det nær 80 cruiseskip til Nordfjordeid.
Erfaringsmessig flyr selskapet mellom to og seks turar per båt. Wangen legg til at selskapet ikkje nødvendigvis vil flyge ved kvart anløp.
– Det totale støybiletet trur eg skal vere heilt toleleg.
Ordføraren positiv til helikopter
Innbyggarane som protesterer får ikkje mykje støtte frå Stad-ordførar, Gunnar Silden (V).
Dilemmaet er å seie ja til aktivitet og næring, kontra protestane om bråk frå nabolaget.
– Ut frå den faglege støyrapporten frå søkjaren ser det ut som det ikkje blir for mykje støy.
Han skjønar likevel skepsisen til naboane. Derfor ser han føre seg eit «prøveår», og ei evaluering etterpå.
Wangen seier selskapet gjer grep for å redusere støy, som innflygingsruter, og å flyge mest mogleg på dagtid. Til turistflyging bruker dei helikopter med lågare støynivå.
Det er Luftfartstilsynet som avgjer saka i mai. Kommunen er berre høyringsinstans, men svaret «vil leggast stor vekt på», seier tilsynet til NRK.
Starta underskriftskampanje
Haugland og naboar i bygda Haugen har samla inn over 150 underskrifter.
Steven Johnsen er éin av dei som har skrive under:
– Det er ei type næring eg ikkje kan stille meg bak. Støy er nok det vi vil merke mest.
Dei er også uroa for utslepp frå helikoptera og konsekvensane for natur og dyr i området
Haugland ønskjer ikkje helikopterturisme i det heile, og stiller spørsmål ved kva lokalsamfunnet skal tole frå cruisenæringa.
– Turistane kan gå i turistløyper, sykle, ro, padle, ri og stå på ski. Det er flott, og det må vere nok. Dei treng ikkje helikopterflyging.
Anne-Joril Bratlie Haugland og naboen Steven Johnsen bur begge i bustadfeltet som kan få ein helikopterlandingsplass i nærleiken.
Foto: Benedikte Grov / NRK