Hopp til innhold

– Den beste avgjerda eg har teke

GAUPNE/SOGNDAL (NRK): Juan Pablo Montoya flytta frå Mexico til Gaupne for å jobbe. Bygda fekk han til å bli.

Juan Pablo Montoya i utviklingshallen til Avery Dennison NTP

GLAD I JOBBEN: Juan Pablo Montoya likar miljøet på arbeidsplassen og utfordringane han får.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg ynskte å finne ein god plass å bu. Tidlegare har eg budd i fleire ulike land, som var veldig spennande, men eg var klar for å finne ein plass eg kunne slå meg ned, seier Montoya.

I Mexico studerte han kjemi og spesialiserte seg i innovasjon og produktutvikling. Etter fire år i moderselskapet til firmaet Avery Dennison NTP fekk Montoya høve til å jobbe i Gaupne. I 2012 flytta han til bygda og no jobbar han med produktutvikling for bedrifta.

– Det er ein veldig kunnskapsrik og inkluderande arbeidsplass. Eg får utfordre meg sjølv og utviklar nye idear for å hjelpe kundane, seier produktutviklaren.

Glad i regionen

Jaun Pablo Montoya i produksjonshallen

NY TEKNOLOGI: Avery Dennison skal utvikle ny teknologi for å legge merker på klede.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– I Gaupne og regionen rundt er det mykje du kan gjere, spesielt om du er glad i friluftsliv, seier Montoya.

Sjølv er han glad i å stå på ski, noko han prøvde for første gong i Noreg. Etter fire år i Gaupne fortel Montoya at han opplever ei kjærleiksrik stemning i bygda. For han er dette ein flott stad der han ynskjer å stifte familie i framtida.

– Det er overraskande at ikkje fleire flyttar hit då det er så mykje du kan gjere her og kose deg med.

Han opplever at den mexicanske og norske kulturen er veldig forskjellige, men at folk er varme, inkluderande og like inst inne.

– Den største forskjellen er at taco ikkje er det same her, ler Montoya.

Utviklingssenter

Tom Dyrdal sit på kafé etter møte i Sogndal

NYE ARBEIDSPLASSAR: Tom Dyrdal trur satsinga på utvikling kjem til å skape opp til 15 nye arbeidsplassar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

I Gaupne jobbar Avery Dennison NTP aktivt for å tilsette folk med variert bakgrunn.

– Me har ei god fordeling av kjønn, alder og nasjonalitetar som gjer at arbeidsplassen blir ein smeltedigel med ulike kulturar og haldningar. Når me kombinerer dette får me fram det beste, seier dagleg leiar, Tom Dyrdal.

Bedrifta i Gaupne skal no bli utviklingssenteret for det internasjonale moderselskapet. Alle nyvinningar skal bli testa i Gaupne før dei blir godkjende for bruk i resten av verda. Dyrdal meiner marknaden i Noreg er perfekt for å teste nye produkt.

– Me har den riktige innstillinga og ei vilje til å jobbe med innovasjon. Me kan bevise at me får det til, seier Dyrdal.

Positiv til framtida

Både Dyrdal og Montoya er positive til framtida dei er på veg inn i.

– Det ligg an til at me kan trekkje folk inn til fylket. Me får søkjarar frå heile Noreg og utlandet. Framover kjem me til å få fleire besøk frå store aktørar. Det vil bli positivt for reiselivsbransjen i Gaupne, seier Dyrdal.

Montoya ser fram til å fortsette utviklinga av ny teknologi og teknikkar i bygda.

– Det syner at me har mykje god kunnskap her og er ei tillitserklæring. Framtida blir veldig spennande, seier han.