Flystyrt i Brasil får ingen konsekvensar for DAT sin bruk av tilsvarande flytype i Noreg
Flyselskapet DAT flyr ein tilsvarande flytype som det som styrta i Vinhedo-regionen i Brasil fredag på fire flyruter i Noreg.
DAT flyr flytypen ATR-42, som er ein litt mindre versjon av flytypen ATR-72.
Styrten i Brasil vil ikkje få nokon konsekvensar for DAT sin bruk av ATR-42, seier administrerande direktør Jesper Rungholm.
– Alt eg har sett frå flyulukka i Sør-Amerika hittil indikerer pilotfeil. Eg har sjølv flydd flytypen i ti år, og kjenner den ganske inngåande. Frå det eg kan sjå er eg i dag 99 prosent sikker på at dette var ein pilotfeil, og ikkje eit fly-spesifikt problem.
Han seier at dei alltid følger slike situasjonar nøye.
– Eg har flydd i førti år og aldri sett eit rutefly gå ned på den måten. Det er heilt spesielt, og eg er veldig interessert i å sjå kva som kjem av undersøkinga.
Det er endå ikkje konkludert kva som var årsaka til flystyrten.
Rungholm opplyser at dei i Noreg flyr ATR 42 på rutene Ørland - Oslo, Røros - Oslo, Florø - Oslo og Stord - Oslo.