Hopp til innhold

Sette opp teststasjon på flyplassen – passasjerar som Jane får ikkje testa seg

Bergen var først ute i landet med eigen teststasjon på flyplassen. Det hjelpte ikkje Jane Hack Urdal som kom rett frå raudlista Spania.

Jane Hack Urdal

FEKK IKKJE TEST: Sundag kveld landa Jane Hack Urdal på Flesland etter eit tre vekers opphald i Alicante i Spania. Ho flaug via Oslo lufthamn, og fekk ikkje teste seg.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Sundag opna Bergen, som første norske kommune, eit operativt testsenter for koronavirus på Flesland.

Men det er berre eitt problem: Teststasjonen er berre open for reisande som kjem direkte frå utlandet.

Teststasjonen står i ankomsthallen, like innanfor tollkontrollen på utanlandsterminalen. Dermed er ikkje dette eit tilbod for reisande som kjem frå utlandet via transitt.

– Eg kjenner eg blir frustrert og opprørt, seier Jane Hack Urdal.

Kunne unngått potensiell smittespreiing

Sundag kveld landa ho på Flesland etter eit tre vekers opphald i Alicante i Spania. Ho flaug via Oslo lufthamn, og kom difor via innlandsterminalen.

Då fekk ho ikkje testa seg, og måtte heim til Nesttun i karantene. Derfrå må ho inn til legevakta.

– Eg hadde høyrt om teststasjonen og hadde eit lite håp om at den var plassert på utsida av tollkontrollen. Eg gjekk rundt og leitte, men fann den ikkje.

På det tidspunktet visste ikkje Urdal at teststasjonen i utanlandsterminalen uansett ikkje opna for fri bruk før tysdag morgon. Men sjølv om ho hadde landa i Bergen to dagar seinare, ville verken ho eller andre transittreisande hatt tilgang til å testa seg.

Sidan Spania er raudlista, har Urdal karanteneplikt. Måndag bestilte ho time for koronatest hos Bergen legevakt.

– Eg tenker det er litt unødvendig at eg og andre som kjem rett frå raudlista land må reisa ned på legevakta og utsetta andre for potensiell smitte, når me kunne tatt testen på flyplassen.

Flypassasjer Jane Hack Urdal ankom Norge fra Alicante via Oslo søndag. Hun reagerer på at det ikke blir testet på innenlands

OPPRØRT: Jane Hack Urdal er frustrert og opprørt over at ho ikkje fekk teste seg ved teststasjonen på flyplassen.

Foto: NRK / Privat

Få reisande testa seg

Teststasjonen blei forsøkt ved to innreiser sundag ettermiddag. Tysdag opnar stasjonen for at alle som vil kan testa seg.

Men blant dei 149 reisande på eit fly frå Amsterdam, var det berre éin person som valde å testa seg. På fly nummer to, frå Katowice i Polen, var det 15 personar av 137 passasjerar som testa seg.

– Passasjerane var nok ikkje heilt budde på kva som skulle koma, og blei kanskje tatt litt på senga i helga. Eg trur dette blir eit svært vanleg syn på fleire norske flyplassar, spår overlege Bjarte Nore ved Bergen legevakt.

Forventar at fleire testar seg

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) seier til NRK at han er skuffa over resultata frå sundag.

Han forventar at langt fleire stiller seg i testkøen i ankomsthallen når tilbodet no er fast.

– Eg forventar at alle som bur i Bergen, eller skal bu eller jobba her over tid, testar seg på veg inn i byen.

– Også dei som ikkje kjenner at dei har symptom?

– Ja. Fordi me veit at smitten har kome frå folk som har vore i utlandet.

Nye klinikken på Bergen Helsehus. Roger Valhammer

FORVENTAR: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) forventar at alle som bur i Bergen, eller skal bu eller jobba her over tid, testar seg på veg inn i byen.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Eit forbigåande problem

Legevakten seier dei har diskutert problemstillinga med kvar testinga skal skje.

– Det er rett at desse ikkje blir fanga opp på endedestinasjonen. Men dette er forbigåande, då eit testsenter snart vil bli oppretta på Gardermoen. Då vil transittpassasjerane bli plukka opp der, seier Nore.

Som NRK tidlegare har meldt vil både Stavanger og Oslo lufthamn no følga etter med flyplass-stasjonar.

Når testsenteret på Gardermoen er operativt, er enno uvisst. Dermed er det framleis passasjerar som hamnar mellom to stolar.

– Har det vore eit alternativ å plassera testsenteret på Flesland på utsida av den internasjonale ankomsthallen?

– Dette blei bestemt i førre veke og allereie no er teststasjonen på plass. Me har prøvd å oppfylla bestillinga. Det er per no ikkje bestemt å ha noko på utsida av tollsona, seier Nore.

«NRK presiserer: I den første versjonen av denne saka var det med ein mellomtittel som heitte «Kunne unngått lang karantene». Den er fjerna då det ikkje stemmer; reise frå «raude land» medfører obligatorisk karanteneplikt uavhengig av test.»

Koronatest-stasjon Flesland

TATT PÅ SENGA: Blant dei 149 reisande på eit fly frå Amsterdam, var det berre éin person som valde å testa seg. Passasjerane blei kanskje tatt litt på senga, spår overlege Bjarte Nore ved Bergen legevakt.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK