Hopp til innhold

Flyktningar kan løyse sjåførmangel

FØRDE (NRK): Dei neste åra kjem det til å bli mangel på yrkessjåførar, på grunn av låg rekruttering og fordi mange snart går av med pensjon. No tek NAV grep.

Dei neste åra kjem det til å bli mangel på yrkessjåførar, på grunn av låg rekruttering og fordi mange snart går av med pensjon. No tek NAV grep.

SIMULATOR: Før Alex Eyob vart plukka ut til å delta på kurset fekk han prøve simulatoren som skal vere ein nær reell test på norske forhold. Då vart dei også testa for motivasjon, motorikk og andre viktige eigenskapar.

– Eg likar å jobbe og er veldig interessert i å køyre buss. Utan jobb så er livet vanskeleg, seier Alex Eyob.

Han sit inne i ein gul simulator som skal gje ei kjensle av korleis det er å køyre på norske vintervegar. Noko som er ei utfordring for ein kvar. Han er ein av ei gruppe flyktningar med varig opphald som er handplukka til å delta i kurset å bli yrkessjåførar.

Tidlegare arbeidde han på fiskefabrikk, men no er det bussjåfør han vil bli.

– Det er første gang eg køyrer tungtransport, men eg trur eg kan bli ein dyktig sjåfør, seier han medan han prøver å halde bussen i simulatoren på vegen.

Dei er spesielt utvalde til å få opplæring som yrkessjåførarar.

ARBEID: Dei er nærast garantert arbeid som bussjåførarar når alle eksamenar og sertifikat er på plass.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Stor arbeidsmarknad

Saman med dei andre på kurset har han gått gjennom tøffe intervjurundar for å sikre at motivasjonen og viljen er på plass. Mange av dagens yrkessjåførar er over 60 år, og bransjen slit med dårleg rekruttering. Difor har NAV satsa spesifikt på dette opplegget.

– No får dei direkte kontakt med arbeidsgjevar. Og vi veit at når dei har gjennomført opplæringa og fått sertifikata som krevst, så er der ein arbeidsmarknad, seier fylkesdirektør i NAV, Tore Torsnes.

Dei står bak prosjektet, og har hatt god erfaring med liknande prosjekt i helsesektoren. I klassen er det både flyktningar og nordmenn, noko som sikrar at også språkopplæringa blir teke hand om. For mange er det bøygen dei må over for å kome inn på arbeidsmarknaden. Utfordringane for yrkeselevane er likevel mange.

Gler seg til å ta fatt

– Mange får seg ei aha-oppleving. Dei har ikkje køyrt tungbil, og har ikkje kjensla for kva som skjer når fleire tonn blir sett i rørsle. Det er stor skilnad på det og å køyre vanleg personbil, seier Jarle Raad, som er opplæringskonsulent.

Jarle Raad er opplæringskonsulent.

LÆRINGSKURVE: – Dei er interesserte og høyrer etter. OG det syner på alle at dei vil dette, seier opplæringskonsulent Jarle Raad.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Elevane skildrar han som flinke og interesserte.

– At desse blir bussjåførarar, det er eg ikkje det minste i tvil om.

For Alex Eyob er det likevel ein liten ved fram, men han er trygg på at valet er riktig og gler seg til det er han som sit i førarsetet med bussen full av passasjerar.

– Eg må lese mykje og forstå kva lovene og reglane betyr. Eg håpar at om fem-seks månadar så har eg klart det. Det vil gje meg ei god kjensle.