Hopp til innhold

Halvparten av flyktningane flyttar

Halvparten av alle flyktningane som blir busette i Sogn og Fjordane flyttar ut av fylket. Dei aller fleste vil nærmare slektningar på Austlandet.

Flyktningar i Gloppen

EI AV DEI FLYTTAR: Hoddo Mahamud Abdi forlet fylket for å komme nærmare tanta i Oslo. Rahel Gebremedin ser derimot føre seg ei framtid på Sandane.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Sogn og Fjordane er blant dei fylka i landet som har størst fråflytting blant flyktningar, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Dei har kartlagt kvar flyktningane som vart busette i 2003, budde i 2008.

Flyttar frå Sandane til Oslo

Somaliske Hoddo Mahamud Abdi har budd på Sandane over to år, men no skal ho flytte til ei tante i Oslo.

– Tanta mi bur der. Ho er som ei mor for meg. Eg har ikkje mor, far, søster eller bror. Derfor vil eg flytte, fortel ho når NRK Sogn og Fjordane møter henne på Opplæringssenteret i Gloppen.

Hoddo Mahamud Abdi

SAKNAR FAMILIE: Hoddo Mahamud Abdi set kursen mot Oslo.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Hoddo seier det blir trist å forlate Gloppen, der ho oppfattar folk på Sandane som opne. Men saknet etter tanta blir for stort.

Og så mykje som halvparten av flyktningane som kjem til Sogn og Fjordane gjer som Hoddo. Dei flyttar, og dei aller fleste til slektningar på Austlandet. Dermed forsvinn også flyktningane frå eit fylke som generelt slit med fråflytting.

– Gi dei arbeid

– Sjølv om det er gode sjanser til å skaffe seg jobb og på alle måtar leve eit godt liv i Sogn og Fjordane, så blir mange trekt mot Oslo, Østfold og svenskegrensa, seier Sølve Sætre i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Dei skal busetje 200 flyktningar i Sogn og Fjordane i år. Sætre påpeikar at flyttetrenden har fellestrekk med den store fråflyttinga av ungdom som er frå fylket.

– Nøkkelen er arbeid. Då er det opptil arbeidsgjevarar å våge å satse på det ukjende. Satse på arbeidskraft som kanskje har kortare butid i Norge, enn å satse på det kjende, seier Sætre.

Men dei som blir igjen i det små bygdene blir ofte lettare integrert, tru han.

– I Sogn og Fjordane blir du tvungen til å bevege deg ut på dei arenaene der ein blir tvungen til å møte nordmenn. Det er ein styrke.

... men Rahel vil bli i fylket

Nettopp integrering er ei av årsakene til at Rahel Gebremedin frå Eritrea har bestemt seg for å bli verande.

Rahel Gebremedin

BLIR PÅ BYGDA: Rahel Gebremedin ønskjer at barna skal vekse opp i Sogn og Fjordane.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Ho ventar sitt tredje born i mai og har lagt framtidsplanar for eit liv i Sogn og Fjordane.

– Eg har små born. Eg likar å bu på ein liten stad. Eg trur det er bra for borna å bu på ein liten stad, seier Rahel.

Ho er oppteken av å også skaffe seg norske vener.

– Eg trur det er lettare å bli integrert på ein liten stad. Eg prøver å finne vener, ikkje berre frå heimlandet mitt, men også på norske.

Ambisjonen er å ta sjukepleiarutdanning i Førde og jobbe på Sandane.

Dermed blir éin buande, mens éin flyttar frå fylket.

Blir ein av 7000 i Oslo

For Hoddo er planen å ta vidaregåande skule i Oslo og bli hjelpepleiar.

I Oslo kjem ho til ein by der det bur over 7000 somaliarar. Ho trur mange likar seg betre der dei får kjøpt halalkjøtt og har sine eigne klesbutikkar

– Det kan bli litt vanskeleg i storbyen, men eg trur det skal bli betre, seier ho.

Men overgang til bokmål blir ikkje aktuelt.

– Eg snakkar nynorsk!