Hopp til innhold

Flygerforbundet skuldar staten for sosial dumping etter avtale med dansk selskap

Norsk Flygerforbund krev at staten annullerer kontrakt med dansk flyselskap. Opposisjonen vil ta opp saka med samferdselsministeren.

DAT-fly på Florø lufthamn

VANN KONTRAKT: Det danske flyselskapet DAT byrja denne veka å fly mellom Oslo og Florø. Eit litauisk dotterselskap står for operative drifta.

Foto: Birger Meland / NRK

– Dette er sosial dumping, subsidiert av norske skattekroner, seier leiar for yrkesorganisasjonen Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen.

I eit brev til Knut Arild Hareide oppfordrar han samferdselsministeren til å annullere kontrakten med det danske flyselskapet DAT.

Bakgrunnen for brevet er at danskane denne veka byrja å fly mellom Oslo og Florø.

Det danske selskapet vann kontrakten saman med eit litauisk dotterselskap. Det er dotterselskapet som drifter propellflya og skal fly strekninga.

Bemanninga vil vere ein kombinasjon av danske og europeiske tilsette med base i høvesvis Danmark og Litauen.

– Staten opnar slusene på vidt gap

Leiaren i Norsk Flygerforbund meiner staten opnar for «ein heilt ny praksis» når dei gir tommelen opp for «kreativ rigging» som den dansk/litauiske løysinga.

– Med denne tolkingsendringa opnar staten slusene på vidt gap for å importere litauiske arbeidsvilkår til norsk luftfart, seier Carlsen.

I konkurransegrunnlaget er hovudregelen at flygingane skal flygast av selskapet sjølv. Dette for å hindre såkalla «wet lease», som berre er tillate ved spesielle høve.

Wet lease er eit arrangement der flyselskap leiger ut fly, bemanning og ruter til eit anna flyselskap.

– Slik me ser det inneber dette den største liberaliseringa av luftfarten sidan EØS-avtala, seier Carlsen.

Yngve Carlsen i Norsk Flygerforbund

GRAVERANDE: Yngve Carlsen seier at det er graverande at samferdselsdepartementet opnar for sosial dumping på ei statssubsidiert rute.

Foto: Norsk Flygerforbund

– Det skal vere reelle arbeidsgivarar

Gjennom EØS-avtala er Noreg forplikta til å ha ein luftfartsmarknad kor alle flyselskap i EØS-området har fri tilgang til å etablere flyruter i Noreg.

Ruta mellom Florø og Oslo er sponsa av samferdselsdepartementet for å sikre flytrafikken under pandemien. Minstetilbudskjøpet, som er namnet på ordninga, strekker seg fram til 30. september.

Frå 1. oktober vert strekninga gjort om til ei såkalla FOT-rute. Ein avtale der staten betalar eit vederlag for at flyoperatørar skal ta på seg ruter som elles ville gått i minus.

Siv Mossleth er transportpolitisk talsperson i Senterpartiet. Også ho reagerer på det dansk-litauiske samarbeidet.

– Dette strir mot prinsippa om ein seriøs luftfartsnæring med ordna lønns- og arbeidsvilkår, seier ho.

Ho ber samferdselsministeren om «ein avklaring på om det er greitt at statlege kjøp av flyruter kan gå til selskap som nyttar slike kontraktar».

Florø Lufthamn frå lufta

FLORØ: Ruta mellom Florø og Oslo er sponsa av samferdselsdepartementet for å sikre flytrafikken under pandemien.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten

– Det skal vere reelle arbeidsgivarar

Hausten 2020 raste debatten om det ungarske lågprisselskapet Wizz Air, som forsøkte å etablere seg i Noreg.

I eit skjult opptak kalla direktøren i selskapet fagforeiningar for ein «destruktiv» storleik som «dreg føtene etter seg».

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Bjørnar Skjæran, varslar at han vil ta opp DAT-saka med samferdselsdepartementet.

– Det skal vere reelle arbeidsgivarar og strenge regler for innkjøp. Så her har Norsk Flygerforbund vår fulle støtte, seier han.

I eit brev til Norsk Flygerforbund svarer Samferdselsdepartementet at anbodet ikkje er ei såkalla wet lease-ordning sidan partane samarbeider om oppdraget.

«Da er det nettopp tilbudsgiver selv som leverer tjenesten og som er fullt ut ansvarlig for oppdraget i henhold til avtalen. Forutsetningen er at den eller de som inngir tilbud sammen, imøtekommer alle kravene i kontrakten og konkurransegrunnlaget og at tilbudssamarbeidet er lovlig i henhold til konkurranseloven», skriv departementet.

NRK har vore i kontakt med departementet onsdag og torsdag denne veka. Svaret kom fredag ettermiddag klokka 16:09, sjå nederst i saka.

Knut Arild Hareide

OK ORDNING: I eit brev til Norsk Flygerforbund svarer Samferdselsdepartementet at anbodet ikkje er ei såkalla wet-lease ordning sidan partane samarbeider om oppdraget.

Foto: Terje Pedersen

DAT: – Ikkje sosial dumping

Direktør for det danske flyselskapet DAT, Jesper Rungholm understrekar at han ikkje er imot fagorganisering.

Han kallar utsegna frå Norsk Flygerforbund for «det reinaste vrøvl».

– Det er ikkje snakk om sosial dumping. Besetninga i det litauiske eller det danske selskapet har ein tariffavtale. I kontrakten står det direkte at dei tilsette skal ha moglegheit til å organisere seg, og det har dei også i Litauen.

Han seier til NRK at DAT har lagt inn anbod på FOT-rutene med oppstart 1. oktober, og at dei ynskjer å flyge Oslo-Florø i ytterlegare to og eit halvt år.

Kor vidt driftsmodellen er ein «samarbeidsavtale» eller ei «wet lease-ordning» svarer han slik på:

– Du kan kalle det wet lease, eller du kan la vere, men det er ein kontrakt der begge selskapa har skrive under.