Hopp til innhold

Flygarforbundet: – Teknisk svært krevjande å lande på eit lite båtdekk

Flygarforbundet er ikkje overraska over helikopterulukka i Bergen onsdag kveld.

Helikopteret G-HKCN på Shetland

NEST SISTE STOPP: Her fyller ulukkeshelikopteret drivstoff på Shetland tidleg onsdag. Få timar seinare gjekk maskinen i sjøen i Sandviken.

Foto: Ronnie Robertson

Tre personar er innlagde på Haukeland universitetssjukehus etter helikopterstyrten i Bergen seint onsdag kveld. To britiske menn i 50- og 60-åra er lettare skadde etter ulukka, medan ein mann med ukjend alder og nasjonalitet ligg innlagd med kritiske skader.

– Rotoren fauk i fillebitar

Helikopterkrasjen skjedde utanfor Sandviken i 21.30-tida onsdag. Helikopteret var i ferd med å landa på yachten «Bacarella» i Byfjorden utanfor Bergen då det gjekk gale. Ifølgje fleire augevitne skal noko ha vikla seg inn i rotoren då helikopteret landa på dekk.

– Det var nesten som helikopteret vart skote ut med eit smell.

Eit anna augevitne fortel at han stod på terrassen då han såg helikopteret kom inn for landing.

– Rotoren fauk i fillebitar, og helikopteret snudde seg på høgkant. Det landa på ryggen i sjøen.

Helikopteret er av typen Airbus Helicopters AS-350 B-3 Ecureuil og har halenummer G-HKCN. Helikoptertypen er blant dei mest nytta for innanlandstrafikk i Noreg.

Helikopter heves etter styrten i Bergen

HENTA OPP: Helikopteret vart heva natt til torsdag. Det var tre personar om bord då ulukka skjedde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sender havariinspektørar frå England

Jo Bjørn Skatval

– MANGE ULUKKER: Leiar for flytryggleikskomiteen i Norsk flygarforbund, Jo Bjørn Skatval.

Foto: Lars Brede Grøndahl

I denne bransjen er det diverre ein relativt høg frekvens av hendingar og ulukker, seier leiar for flytryggleikskomiteen i Norsk flygarforbund, Jo Bjørn Skatval.

Ein tryggleiksstudie gjort på oppdrag frå Samferdsledepartementet i 2013 viser at ein statistisk sett kan venta ei dødsulukke annakvart år for innlandshelikopter som flyg kommersielt, sett vekk frå politi- og ambulanseoppdrag.

Avdelingsdirektør Wenche Olsen i Luftfartstilsynet seier dei har fylgt opp tryggleiksstudien sidan 2013 og at det er gjort fleire tiltak for å betra tryggleiken.

Sidan 2013 har det kome eit nytt regelverk og fleire av punkta som blei trekt fram i studien er tekne omsyn til.

– Det vert framleis jobba med nokre av tryggleikstilrådingane, seier Olsen.

Helikopteret som styrta i Byfjorden er eigd av det britiske selskapet HQ Aviation. Sidan helikopteret er registrert i England og personar om bord har britisk statsborgarskap, vil også den engelske havarikommisjonen senda personell til Bergen.

Selskapet har ikkje svart på NRK sine førespurnader torsdag.

Bacarella

HELIKOPTERDEKK: Det var på toppdekket av denne båten at helikopteret forsøkte å landa onsdag kveld. Helikopteret blei truleg forstyrra av ein gjenstand på båtdekket, trur Jo Bjørn Skatvall i flytryggleikskomiteen i Norsk flygarforbund.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Svært krevjande

Ei landing på eit båtdekk er svært krevjande.

Jo Bjørn Skatval, Norsk flygarforbund

Tre havariinspektørar frå Statens havarikommisjon har starta undersøkinga av ulukka.

Helikopteret starta på turen til Bergen i High Wycombe vest for London tysdag og var innom både Orknøyane og Shetland før det landa på Flesland for å fylla drivstoff onsdag kveld. Klokka var blitt om lag 21.30 då det mest truleg skulle setja av to passasjerar på yachten.

Skatval vil ikkje spekulera i kva som førte til styrten i fjorden utanfor Bergen, men seier dei vanlegaste årsakene til denne type havari er ikkje-klarerte gjenstandar på båtdekket, som kan forstyrra flygar eller fartøy.

– Flytypen er mykje brukt, og rekna som veldig trygg, men dei operasjonane dei blir brukt i er veldig utfordrande, både for pilotane og omgivnadene.

Ulykkeshelikopteret på Shetland

DRAR MOT BERGEN: Helikopteret starta i Wycombe, England på tysdag. Her takeoff på Shetland i går, onsdag.

Foto: Ronnie Robertson

– Forbetringspotensialet «betydeleg»

Skatval meiner sjø, vind og synsforhold til sjøs gjer landing på båtdekk blant dei mest krevjande tekniske flyoppgåvene for ein pilot.

– Variablane er mange. Pilotane som tek desse operasjonane er blant dei dyktigaste. Likevel er risikoen høg, meiner Skatval.

Mellom 2005 og 2011 er ulukkesfrekvensen meir enn ti gongar høgare enn frekvensen av dødsulukker i helikoptertransporten til kontinentalsokkelen, ifølgje ein rapport frå SafeTec.

Forbetringspotensialet er «betydeleg», heiter det.

Skatval meiner eit klarare regelverk og fleire tryggingstiltak må til for å auka tryggleiken i innlandsluftfart.

Forbundet fryktar Safetec vil få rett i sine spådommar om ei dødsulukke anna kvart år.

– De er tal me absolutt ikkje kan leva med i Noreg.

Luftfartstilsynet: – Gjort fleire tiltak

Avdelingsdirektør Wenche Olsen i Luftfartstilsynet seier dei har fylgt opp tryggleiksstudien sidan 2013 og at det er gjort fleire tiltak for å betra tryggleiken.

Sidan 2013 har det kome eit nytt regelverk og fleire av punkta som blei trekt fram i studien er tekne omsyn til.

– Det vert framleis jobba med nokre av tryggleikstilrådingane, seier Olsen.