Hopp til innhold

Fly måtte snu i lufta

Eit Widerøe-fly frå Bergen til Kristiansund måtte snu i lufta og returnera på grunn av tekniske problem torsdag morgon. Passasjerane bytta fly på Flesland lufthamn, og kom seg forseinka av garde til Kristiansund. Det er ukjent kva teknisk problem det er snakk om. – Dette skjer av og til, og det er ingen dramatikk knytt til hendinga, seier kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe.

Widerøe-fly frå Bergen til Kristiansund måtte snu
Illustrasjon: Flightradar24