Fly innstilt med tekniske problem

Fem avgangar for Widerøe er avlyst på Bergen lufthamn grunna tekniske problem. Det vil påverke flytrafikken for selskapet i heile Sør-Noreg i dag, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll til BT. Det er uvisst kor mange som blir ramma.