Hopp til innhold

Fløyfjellstunnelen stengt

Fløyfjellstunnelen er stengt i retning sentrum etter at ein lastebil etter alt å døme har kome borti ei vifte. – Det heng noko ned frå tunneltaket. Entreprenøren er på veg for å undersøka, men tunnelen vil truleg verta stengt ei stund, seier trafikkoperatør Morten Hansen i Statens vegvesen, som seier trafikantar må rekna med køar i morgonrushet.