Flott røykerom, kummerleg mottak

Pasientar som kjem til Nordfjord sjukehus blir mottekne på eit toalettrom. Dette skjer samstundes som sjukehuset har to rom til bruk for røykarane.

- Dette er uhaldbart. Eg trur førsteinntrykket når du kjem til sjukehuset og er i dårleg form er viktig, og at mange reagerer på lokala, seier turnuskandidat Ingrid Langen.

Ho er ein av turnuskandidatane ved Nordfjord sjukehus som reagerar på at sjukehuset har stort røykerom, samstundes som dei i helgane og på kveldstid må ta i mot pasientane på eit tidlegare klysterrom. Rommet er mangelfullt utstyrt, og pasientane må undersøkast ved sidan av eit klosett.

- Vegg i vegg med dette mottaksrommet er det eit stort og meir tiltalande rom som blir brukt som røykerom, og vi synest det er paradoksalt at røykerommet er større og betre enn det vi brukar som mottaksrom.

Ho meiner og at undersøkingsrommet er så kummerleg at det rett og slett aukar moglegheitane for at det kan bli gjort feil under undersøkingane.

- Det er alltid snakk om menneska som jobbar i helsevesenet, at ein må gjere det ein kan for å eliminere menneskelege feil, og då bør ein betre tilhøva på mottaksrommet for å gjere risikoen for feil minst mogeleg.

Eiliv Berdal er direktør for divisjonen ved intern service i Helse Førde. han meiner det er snakk om kostnader om dei skal gjere noko med mottaksrommet.

- Desse røykeromma blir nok omdisponerte, men kva dei skal brukast til. Eitt alternativ kan vere mottak, men vi må sjå på kva det kostar.

Og Ingrid Langen håpar at det blir gjort noko snarast råd.