Hopp til innhold

Flott hage i Rutledal i Grønn Glede

Hagen til Inger og Jens frå Rutledal i Sogn blir vist i Grønn Glede.

Video hage frå Rutledal i Grønn Glede

hage frå Rutledal i Grønn Glede

Like ved ferjekaia i Rutledal i Sogn ligg hagen til Jens og Inger.

Han tryllar fram nyttige ting av tre til hagen. Ho steller blomane og held orden.

200 meter frå ferjekaia ligg huset til Jens Brekke og Inger Kristin Brosvik.
Ho er i aktivitet i hagen tre til fire timar kvar dag. På fine dagar blir det mykje å vatne. Men ho likar å ha noko å gjere.

Utsikt over Sognefjorden

For å nyte utsikta over Sognefjorden, så har Jens snikra seg ein heilt spesiell benk.

Han har laga den av metall og tre, og han har konstruert den sjølv. Den er som ein karusell som snurrar 360 grader, slik at dei kan ha den utsikta dei vil ettersom kor sola er.

(Artikkelen held fram under bildet)

Jens Brekke og Inger Brosvik

Jens Brekke og Inger Brosvik

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I den to mål store hagen får dei både glede og inspirasjon til å vere kreative. Han har laga fine plattingar og tak til å sitje under når det regnar.

Alt er brunbeisa, og møblane er heimesnikra. Dei har dessutan sju ulike stader dei kan ta ut vatn.

Lampe i hagen i Rutledal

HEIMESNIKRA: Jens Brekke har laga lampene.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Jens har mellom anna laga sine eigne utelampar ved hjelp av motorsag. Han har hola ut ein vedkubbe.

Jens er ein liten oppfinnar. Han har funne på lampene sjølv.

Grillhytte for å halde myggen vekke

I 2002 starta han å bygge seg ei grillhytte. Myggen om kvelden er ei plage og det er ofte kaldt ved sjøen i Rutledal.

Grillhytta til Inger og Jens

GRILLHYTTE: Flott utsikt over Sognefjorden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Så om sommaren flyttar dei på ein måte ut, sjølv om dei er inne.

Sjå Grønn Glede på NRK 1. tysdag 24. Mai kl. 19.45