Hopp til innhold

Florøværingane framleis skeptiske til kommunesamanslåing

Ein storkommune med Førde i sentrum er spesielt vanskeleg å svelge for folk i kystbyen.

Florøværingane skeptiske til "stor-Sunnfjord"

SKEPTISK FORSAMLING: På folkemøtet i går fekk dei femti frammøtte høyre om arbeidet kommunereforma. Fleire i salen rista på hovudet, då rådmann Terje Heggheim i Flora fortalde at Førde kan bli sentrum i ein ny storkommune i Sunnfjord.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

På folkemøtet i går tok fleire til orde for at kysten bør samle seg, sjølv om det kan bli vanskeleg. Alternativet, at nabokommunen Førde blir sentrum for eit nytt "stor-Sunnfjord, blir derimot møtt med skepsis.

– Eg har mange tankar om det. Eg håpar det ikkje skjer, seier ein av dei frammøtte, Brigt Aguirre.

Fryktar utarming av Florø

Regjeringa er i gang med ei omfattande kommunereform og ønskjer færre og større kommunar.

Avgjerda fell om ganske nøyaktig eitt år, og det er folket som skal bestemme. I Florø er ein storkommune i Sunnfjord det alternativet som ligg fremst i den politiske løypa.

Ønskjer kystkommune

ØNSKJER KYSTKOMMUNE: Frammøtte Brigt Aguirre er svært skeptisk til ein storkommune med sentrum i Førde.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Etter stemninga i salen å dømme er ikkje folket samde i det vegvalet.

– Eg er redd for at Florø skal bli utarma. Det har vist seg tidlegare at kysten får lite frå det som skjer innanfor. Eg går for kysten og håpar at vi kan få ei samanslåing av kystkommunane frå Askvoll til Måløy, seier Aguirre.

– Ikkje eit alternativ å stå åleine

Kystkommunen er eitt av alternativa politikarane i Flora også ønsker å sjå på. Men per dags dato er Bremanger, naboen i nord, ikkje med på denne planen.

Bjørn Hollevik i Flora Høgre trur ein kystkommune kan bli vanskeleg å gjennomføre. Men kommunesamanslåing må til, meiner han.

Bjørn Hollevik

FOR SAMANSLÅING: Bjørn Hollevik i Flora Høgre trur ein kystkommune blir vanskeleg, men å stå åleine meiner han ikkje er noko alternativ.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det å stå åleine i framtida, det er å setje seg sjølv i dødens posisjon, seier han.

Hollevik meiner difor ein storkommune i Sunnfjord er eit godt alternativ for å skape vekst og ha eit tyngdepunkt mellom Bergen og Ålesund.

– I dag trur eg stemninga er negativ, fordi det blir basert på kjensler og feilaktige premissar. Eg håpar vi politikarar greier å kome med informasjon, som gjer at ein greier å ta innover seg realitetane, seier han.

Dei grøne vil stå åleine

For det er til slutt folket som skal få bestemme i ei folkeavstemming.

Martin Malkenes, førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Flora, meiner derimot at kommunereforma blir pressa på folk og er heilt unødvendig. Han vil heller stå åleine, og vil legge vekk dei andre alternativa.

– Regjeringa har sagt at det blir meir og betre demokrati av at du slår deg saman med andre kommunar. Det blir det ikkje, når det er færre folkevalde per innbyggjar og lengre å reise for å møte dei. Det er ikkje slik det fungerer. Det er som å seie at Norge blir eit betre demokrati av å bli styrt frå Brüssel, seier han.

Martin Igland Malkenes

VIL STÅ ÅLEINE: Martin Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at kommunereforma er heilt unødvendig.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK