Hopp til innhold

Florøgutane ute av cup-dansen

Florøgutane er ute av NM-cupen etter tap mot Rosenborg på Lerkendal i dag.

Trenar Terje Rognsø og Florø G16

GJEKK IKKJE VEGEN: Trenar Terje Rognsø og Florø G16 er ute av cupeventyret.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Semifinalen for G16 enda 1–0 til Rosenborg etter ekstraomgangar.

– Dette er surt, for vi var klart best. Det var ein god laginnsats i dag, men ballen trefte alle andre stader på målet enn i nettet, seier ein skuffa trenar Terje Rognsø.

Etter ordinær tid stod det 0–0 på Lerkendal. Og det var dermed klart for to ekstraomgangar.

– Vi var betre enn Rosenborg heile kampen, men det hjelper ikkje når vi ikkje skårar mål, seier han.

Florøgutane er skuffa over å ha tapt mot eit dårlegare lag.

– Ein ting er å tape mot eit betre lag, men i dag dominerte vi kampen, seier han.