Hopp til innhold

12 år sidan dei rykte ned - no er Florø klar for 2. divisjon igjen

Ein time etter nedsablinga av Tertnes på heimebane, kunne fotballspelarane til Florø sleppe jubelen laus. Neste år ventar 2. divisjonsspel.

Det vart ein til dels nervepirrande time for spelarane og støtteapparatet rundt Florø fotball sitt 3. divisjonslag. Til slutt kom gladmeldinga...

SJÅ VIDEO: Det vart ein til dels nervepirrande time for støtteapparatet og fotballspelarane til 3. divisjonslaget Florø.

Det vart kattens leik med musa på Florø stadion, og heimelaget stogga ikkje før det stod 8–1.

Då også Sotra tukta Varegg, var opprykket sikra. No er det ingen som kan ta att serieleiaren i 2. divisjon.

– Vi har jo kjent oss rimeleg trygge i det siste, men det er forferdeleg greitt å få det avgjort. I kveld skal vi samlast, mimre og ha det litt kjekt saman for å markere opprykket, seier trenar Terje Rognsø.

– Eg er veldig stolt

Geir Rindheim

JUBEL: Geir Rindheim jublar etter at opprykket er sikra.

Foto: NRK

Spelarane reiste raskt frå garderoben, men utanfor idrettshallen vandre fleire kvilelause sjeler rundt med mobiltelefonen i nevane for å oppdatere seg via nettet.

For at det skulle bli noko som helst spenning i toppen også neste serierunde, måtte Varegg vinne. Avgjerda fall fire minuttar før full tid. Varegg tapte.

– Eg er veldig stolt over at vi har klart dette med eigne spelarar. Dei har vakse opp i klubben, og dei aller fleste spelarane er juniorspelarar. Og vil vere det også neste år. Det er vel eigentleg det eg er mest stolt over, seier Rognsø.

Får sjansen framover

– No skal vi stå sesongen ut, men spelarar som ikkje har spelt så mykje i år vil nok få sjansen no, seier Florø-trenaren som tok over laget i 2010.

– Du stussar ikkje på å stille med antatt svakare spelarar i dei neste kampane?

– Eg har ein tropp på 18 mann som eg har rullert på. Troppen er jamt over sterk, og det er nok difor vi er der vi er i dag også. I tillegg har vi vore heldige å unngått skader og karantene.

Naudsynt med opprykk

Ifølgje firda.no sytte Runar Hove, Kristoffer Ryland (2), Christer Husa og Peter Aase for ei sold femmålsleiing til pause. Etter kvilen noterte Stefan Aase (2) og Simen Reksten Solheim for dei siste scoringane til Florø.

Med fire kampar att, har Florø over 50 plussmål. Dei har tapt berre ein kamp. Det er ti poeng ned til Lyngbø på andreplass. Kystlaget har vore suverene i år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stefan Aase, Aksel Knapstad og Kristoffer Ryland

SCORING: Stefan Aase (t.v.) og Aksel Knapstad stormar til for å juble saman med Kristoffer Ryland.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Men for å vere heilt ærleg, skulle vi ikkje klare dette opprykket, så såg eg ikkje føre meg korleis eg skulle hente motivasjon for å gå på ein ny sesong. Dette laget er for bra til å vere i 3. divisjon, seier han.

– Er gode nok

Heime på Florø stadion har dei ikkje tapt sidan Øystese vann 3–0 1. september i fjor. Og på det året har faktisk berre Årdal og Lyngbø, samt eliteserielaget Aalesund i cupen, makta å slå Rognsø sine disiplar.

– Held de nivået som trengst i 2. divisjon?

– Eg er ikkje redd for at spelarane ikkje held nivået. Vi har møtt 2. divisjonslag tidlegare og vi slo Førde i cupen. Eg ser fram til å møte meir spelande lag enn vi har gjort i 3. divisjon.

Som alle andre klubbar i fylket slit Florø med å halde på unge spelarar som reiser ut for å få seg utdanning.

– No har vi jobba i det stille med å finne ein måte å behalde spelarane på. Vi må ha eit sportsleg tilbod der dei kan utvikle seg, og eit tilbod der dei kan få sjå kor langt dei kan nå, seier han og fortel han ynskjer eit system og ein klubb som står betre rusta til å kjøpe spelarane fri frå arbeid til å trene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristoffer Ryland

JUBEL: Kristoffer Ryland feirar eitt av sine to mål. Neste år spelar han og Florø 2. divisjon.

Foto: Truls Kleiven

– Og så kanskje nokon går med på å setje utdanninga på vent, legg Rognsø til.

– Men bryt ikkje det med alle oppmodingar om at det er viktig at fotballspelarar i tillegg får seg utdanning, så dei har noko å falle tilbake på?

– Det kan vere, men i hovudsak ynskjer vi å ha spelargruppa her i Florø. Og det er ikkje akkurat flust i høgskular kring om, så då handlar det om å ha arbeid som gjer at dei overlever.

Rykte ned i 2001

Utan store endringar i troppen, er det ikkje langt ifrå at det er eit reint juniorlag frå Florø som kan bu seg på ein sesong på nivå tre i norsk fotball.

Sist Florø spelte 2. divisjonsfotball var i 2001. Rognsø ser ikkje vekk ifrå at dei må på spelarjakt for å styrke stallen.

– I utgangspunktet skal dei som har tatt oss opp, spele i 2. divisjon. Samstundes trur eg det er viktig å få inn noko nytt. Det avheng litt av kor mange som er dedikerte nok til å bli, seier han.