Familiefaren på 33 år skal vere livstrugande skadd, medan mora på 31 år og dei to borna på tre og seks år er alvorleg skadde. Dei er innlagde på tre ulike sjukehus i Bad Kissingen-området i delstaten Bayern.
Kolliderte med tre
Ulukka skjedde i seks-tida tysdag ettermiddag på den sterkt trafikkerte A7 mellom Fulda og Würtzburg. Bilføreren miste ifølgje det tyske nyheitsbyrået DPA kontrollen over bilen etter først å ha kollidert med eit vogntog, deretter skar bilen av vegen og trefte eit tre. Men trafikkpolitiet i Schwaben-distriktet opplyser at ingen andre kjørety var involverte i ulukka.
Hjelp frå ambassaden
Den norske ambassaden i Tyskland hjelper no familien, seier informasjonsrådgjevar i UD, Eirik Bergesen.