Helse- og sosialdepartementet meiner dette er så bra at det kan nyttast som ein nasjonal modell for andre i same situasjon. Det seier Roland Schwarz som er leiar ved vaksenhabiliteringa i Helse Førde.
- Kommunen har bygd opp eit administrativt og fagleg godt drive tiltak. Det er bygd opp ein stabil og positiv stab rundt denne personen, seier han.
Positiv evaluering
Det blæs friskt rundt busetjinga av ein tidlegare straffedømd utviklingshemma i Flora kommune i fjor. Bygdefolk og lokalsamfunn både på Reksta og i Høydalane protesterte heftig mot å få mannen i nærmiljøet. Dei meinte dette ville skape frykt. Men no får altså kommunen skryt frå fagfolk for tvungen omsorg ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Deira evaluering er eintydig positiv.
- Eg trur det er mykje god tenking rundt dette, og det vil seie at denne personen får eit individuelt tilrettelagt liv. Eg trur nok at andre kommunar kan sjå denne løysinga, seier han.
Vekkjer oppsikt
Måten kommunen har løyst saka på kan tene som ein modell for andre, seier Shwarz. Og departementet er også positiv.
- Det som er interessant, er at det er ei løysing som ikkje er knytt til tvungen omsorg, som er ei heilt anna ordning. Og det er klart at det vekkjer oppsikt når ein ser at finns andre måtar å ta vare på personar med omsorgsbehov, seier han.