Hopp til innhold

Flo: - Aldri aktuelt å feige ut

Sjølv med 2–0 til pause var det aldri aktuelt for Sogndal å leggje seg bakpå for å sikre sigeren mot Vålerenga.

Gustav Valsvik stussar Sogndal i leiinga mot Vålerenga

MÅL: Her set Gustav Valsvik inn 1–0 målet for Sogndal etter ein periode der det var Vålerenga som dominerte i starten av første omgang.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

Oppgjeret mellom bygd og by gjekk i bøndene sine favør då Vålerenga tok i mot Sogndal fredag kveld. Etter 25 minutt var det gjestane frå saftbygda som leia 2–0 og då laga gjekk til pause var det med ei komfortabel leiing.

Likevel var det aldri noko spørsmål om at Sogndal skulle leggje seg bakpå når dei kom tilbake på graset etter nokre minutt i garderoben.

– Det var ikkje noko strategi frå vår side å leggje om spelet. Vi var offensive og ville framleis vere med å prege og styre kampen, seier assistenttrenar i Sogndal, Håvard Flo, til NRK.no etter kampen.

Flo legg ikkje skjul på at stemninga i Sogndal-leiren er upåklageleg etter kampslutt. Med tre poeng reiser klubben heim som tabelltoar, sjølv om det skal seiast at det truleg berre er for nokre dagar.

Dei andre laga har enno ikkje spelt sine kampar, men det er ikkje tvil om at Sogndal har vore eit overraskingslag i årets eliteserie.

– Fortent siger

– Vålerenga kjem godt i gang i begge omgangane, og vi blir springane litt imellom for å jage ballen. Men etter kvart kjem vi inn i kampen, og då klarar vi å skake Vålerenga litt, seier Flo om kampen.

For det var utan tvil heimelaget som kom best i gang i første omgang, men Sogndal kjempa seg inn att og etter berre 15 minutt var det Gustav Valsvik som serverte ein kalddusj etter eit perfekt slått frispark frå Ørjan Hopen.

Vel ti minutt etterpå følgde Tonny Brochmann opp, etter godt forarbeid av Henrik Furebotn, la han på til 2-0, og Vålerenga klarte aldri å slå tilbake.

– Det var ein fortent siger til Sogndal, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tonny Brochmann får skryt etter målet mot Vålerenga

TRE POENG: Målet til Tonny Brochmann etter 25 minutt gjer at Sogndal kan reise heim med tre poeng.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

– Viktig å ikkje feige ut

Kommentatorar og diverse fotballekspertar har ikkje vore nådige mot Sogndal når dei har spådd om resultata for sesongen. Sogneklubben har blitt tippa nord og ned, men har til no klart å hente poeng i alle dei fem kampane.

Etter 2–0 leiing tidleg i kampen, kunne Sogndal ha valt å leggje seg bakpå for å sikre poenga, men det var aldri noko tema.

– Det er ein styrke, både mentalt og fysisk, som ligg i laget i forhold til det å vere offensive. Vi skal ikkje bli feige og leggje oss bakpå, og berre forsvare oss, seier Flo og held fram:

– Dette er ein dimensjon vi har klart å få inn i laget, seier han.

Den svenske hovudtrenaren, Jonas Olsson, som kom til Sogndal i haust har også heilt klart sett sitt preg på laget, meiner Flo.

– Han kom inn og var offensiv frå første minutt, og det har heilt klart smitta over på gruppa. Det er kjekt å sjå, seier Flo.