Hopp til innhold

Sjå kven som er på bana!

Tore André Flo spelar frå start for Sogndal i treningskampen mot Førde i Bygstad i kveld.

Tore André Flo

FRÅ START: Tore André Flo i Sogndal-drakt for første gong på 17 år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dermed er helten frå Norge-Brasil attende i Sogndal-drakt for første gong på 17 år!

Det har lenge vore spekulert i om Flo ville gå rett inn på eit Sogndal-lag i motgang, og Harald Aabrekk har tydelegvis ikkje tenkt å spare på nasjonalhelten frå Stryn.

Etter om lag 20. minutt spel i treningskampen syner Tore André gamle takter, og er like nær ved å skåra sitt første Sogndal-mål på mange, mange år.

NRK kjem attende med fyldig reportasje frå kampen her på nrk.no/sf og i morgonsendinga på radio.