Hopp til innhold

Folk i Sogn og Fjordane er best i landet på å betale rekningane sine

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane tek opp fleire og større lån enn tidlegare. Samstundes er vi dei med best betalingsevne i landet.

PENGER PENGER

LÅNAR MEIR: Det har vore ei stor auke i utlån til privatpersonar i Sogn og Fjordane dei siste åra.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Vi ser at sjølv om utlåna våre har auka, så går faktisk misleghaldet ned. Det er jo teikn på at både evna og viljen til å betale for seg er veldig god, seier Hallvar Klakegg i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Hallvard Klakegg

GOD MORAL: Hallvard Klakegg trur at moralen har mykje å sei for den positive trenden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han fortel at utlånet til private er dobla dei siste seks åra. Ein ser og ei endring blant låntakarane. Før var det vanleg for folk å betale ned huslånet sitt og så var dei gjeldsfrie. No tek dei gjerne opp fleire lån til kjøp av båt, hytte eller anna feriebustad.

Flinke vestlendingar

I følje tal frå Lindorff Norge har berre 3,3 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane betalingsmerknader. Dette er lågaste i landet, der Møre og Romsdal og Rogaland ligg like bak med 4,6 og 4 prosent. Gjennomsnittet på landsbasis er på 5,3 prosent.

– Det er gode tider blant folk flest, med låg rente, låg prisstigning og låg arbeidsløyse. Det er òg ein god vekst i realløna. Samstundes har folk frå Sogn og Fjordane veldig god betalingsmoral og vilje til å gjere opp for seg, seier Klakegg.

Han trur at tradisjonar og haldningar til folk er ein del av forklaringa bak dei låge tala, og håpar at dette vil smitte over på fleire generasjonar slik at trenden held fram.

Han fortel òg at sjølv om statistikken ofte viser at unge har ein del inkassosaker, så har Sparebanken Sogn og Fjordane gode erfaringar med unge låntakarar.

– Unge under 35 er veldig flinke til å gjere opp for seg, og det er svært låge tal om misleghald i denne gruppa.

LES ÒG: Unge kjem ikkje på bustadmarknaden utan foreldrehjelp

Får konsekvensar

Betalingsmerknader kan kanskje verke små og uviktige, men kan få store konsekvensar for framtida. Det kan bl.a. verte vanskeleg å få lån eller annan type kreditt seinare. Då har ein ikkje lenger fridomen til å gjere dei vala ein ønskjer økonomisk.

– Huslån er noko alle prioritera å betale så der ser vi veldig lite misleghald på slike typar lån. Det kan vere litt på kredittkort viss ein har levd litt over evne og tatt seg vatn over hovudet i forhold til forbruket, og ikkje klarar på betale tilbake, seier Klakegg.

Må ikkje la seg lure av tala

Kvart år kjem det nye tal og då er det viktig å hugse at Sogn og Fjordane er eit av fylka med færrast innbyggjarar. Det skal derfor lite til før endringane verkar store, forklarar Klakegg, som òg minner om at jamt over har fylket lenge vore flinke til å betale.

LES ÒG: Dramatisk auke i inkassosaker

LES ÒG: Trivselsfylket er inkassoversting

Det er vanskeleg å spå framover, seier Klakegg. Dersom ein går vanskelegare tider i møte, med høgare rente og arbeidsløyse, så vil òg folk oppleve at det vert vanskelegare å betale. Han meiner likevel at fylket har eit godt utgangspunkt for å kunne halde fram med den positive trenden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.