Hopp til innhold

Flest bilar med piggfrie dekk i ulykker – Kristoffer (24) sver til pigg

Eit fleirtal av bilane som er involverte i trafikkulykker med personskader, har piggfrie dekk. Det syner tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Kristoffer Flaten er klar på kva slags dekk han vil ha.

Kristoffer Flaten

KLART VAL: – For meg er piggdekk det rette, i og med at eg bur der eg bur, seier Kristoffer Flaten.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

  • I ein tidlegare utgåve av denne artikkelen stod det at «bilar med piggfrie dekk er oftare involverte i trafikkulykker med personskader». Vi presiserer at sjølv om SSB-tala viser at det er flest piggfrie bilar i ulykker, finst det ikkje statistikk som tek høgde for andelen piggfrie dekk og tal køyrde kilometer på norske vegar. Vi ser derfor at begrepet «oftare» kan vere upresist, og tittelen er derfor endra.

– Eg har piggdekk. Eg bur i Sundsdalen og der er det av og til isete. Då er det berre piggdekk som tel. Piggfritt er sikkert fint for dei som bur i sentrum, men ikkje for meg, seier Flaten, som bur i bratte bakkar i utkanten av Førde.

SSB sin statistikk over vegtrafikkulykker med personskade syner at piggfrie bilistar er involverte i fleire ulykker med personskade enn dei som brukar piggdekk dersom ein ser på tal registrerte trafikkulykker med personskade.

Statens vegvesen har som mål at mellom 85 og 90 prosent av bilistane i større byar med nullføre eller skiftande føre skal køyre med piggfrie vinterdekk. Over 90 prosent av bilane i Oslo køyrer no piggfritt, og i Bergen og Stavanger er talet piggfrie bilistar passert 86 prosent.

– Grunna miljøomsyn og asfaltslitasje, er det gunstig at fleire køyrer piggfritt, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Hans Olav Hellesøe.

Piggdekk har ein misjon

Han peikar på at sjølv om ulykkesstatistikken syner at fleire piggfrie bilistar er involverte i vegtrafikkulykker med personskade, betyr ikkje det at piggfrie dekk er dårlegare. At fleire bilistar no har pigga av, har også noko med tala å gjere.

– Men på einskilde føre, som våt is, har ikkje piggfrie dekk nok veggrep til å halde bilen på rett kjøl, seier Hellesøe, som sjølv har køyrt piggfritt sidan 1995.

Hellesøe

MÅ SJÅ BAK TALA: – Ein må sjå bak tala også. Piggfrie dekk er berre éin del av biletet. Fartsval, salt-strategi og sjåføren si erfaring slår også inn, seier seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Hans Olav Hellesøe.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg tek forholdsreglar og reduserer farten når det er fare for glatt føre. Då slepp ein å hamne i situasjonar der ein må gjere ein manøver, seier Hellesøe.

For få år sidan selde dei to største dekkmerka i Noreg, Continental og Nokian, omtrent 50/50 av piggdekk og piggfrie dekk. Men det er blitt radikalt endra.

– Vi sel om lag 60 prosent piggfrie og 40 prosent piggdekk, seier produktmanager i Continental, Knut Knudsen.

Asle Kristoffer Medgard er salssjef i Nokian fortel at hjå dei er piggdekk nede i berre 35 prosent.

Nokon må halde på pigg

Sjølv om Vegvesenet vil ha talet på piggdekk-køyrande ned, vil dei framleis at nokre av oss held fram med piggdekk. Rett og slett for å gi betre forhold til dei som køyrer piggfritt.

– 15–20 prosent køyrer med piggdekk og riv opp isen for oss andre, slik at vi får betre veggrep. For utrykkingskøyretøy og folk som køyrer på område der det er store variasjonar frå dag til dag, er det fornuftig med piggdekk, seier Hellesøe.

Dét støttar NAF.

– Vi treng at nokon framleis køyrer med pigg. I tillegg må vi stille større krav til

Audun Bergerud, Teknisk konsulent i NAF

NATURLEG: – I og med at fleire av oss køyrer piggfritt, er det naturleg at talet på ulykker aukar, seier teknisk konsulent i NAF, Audun Bergerud.

vegvedlikehald for å hindre at det vert for mykje is på vegane, seier teknisk konsulent i NAF, Audun Bergerud.

Og uansett korleis bilen er skodd eller kva forhold det er på vegen, så er det framleis ein ting som er viktig.

– Sjåføren må tilpasse farten etter tilhøva, enkelt og greitt, seier Bergerud.