Hopp til innhold

Fleirtalet vil ha Holmås som ny leiar - men fylkesleiaren vil ha Lysbakken

Eit knapt fleirtal på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane SV ønskjer Heikki Holmås som partileiar etter Kristin Halvorsen.

Hege Lothe

LYSBAKKEN: Attvald fylkesleiar i SV, Hege Lothe, har Lysbakken som favoritt til ny partileiar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Under fylkesårsmøtet i Sogndal i går fekk Holmås, som var gjest i salen, 16 røyster. 15 røysta for Audun Lysbakken og 5 røysta blankt.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV, Hege Lothe, vart attvald på same møte. Ho er klar på at Lysbakken er hennar favoritt.

– Eg synst Lysbakken har ein veldig fin visjon for eit folkeparti. Han har ein tanke om å vere eit breiddeparti, som skal nå også dei som er opptekne av velferdsstaten, folk innan fagrørsla for å nemne noko. Eg likar hans tankar om kva parti han ønskjer seg, seier Lothe til NRK.no.

Avrøystinga på fylkesårsmøtet er rådgjevande for landsmøtedelegatane.

Bård Vegar Solhjell, opphavleg frå Naustdal, kunngjorde alt i september i fjor at han trekte seg frå kampen om leiarvervet.