Hopp til innhold

Fleirtal i Stortinget for å byggje ut verna vassdrag

I fjor var Framstegspartet og Senterpartiet åleine om å ville opne verna vassdrag for utbygging. No seier Høgre og Arbeiderpartiet det same.

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

VERNE ELLER IKKJE VERNE: Summen av flaumfare, grøn omstilling og høge straumprisar gjer at fleire parti tek til orde for å revidere verneplanane. På bilete: Flåmsvassdraget i Sogn.

Foto: Hafslund Eco

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Frå talarstolen på Stortinget tok Nikolai Astrup (H) i dag til orde for «skånsom kraftutbygging» i enkelte av dei verna vassdraga i landet.

Høgre varslar på same tid at dei vil kome tilbake med konkrete forslag til kva for vassdrag det gjeld.

Verneplanane er ofte fleire tiår gamle, og ny teknologi er utvikla sidan den gong. Det er særleg i flaumutsette vassdrag at vi bør vurdere å leie delar av vatnet i røyr, seier Astrup til NRK.

Utspelet kjem etter at regjeringspartia Arbeiderpartiet og Senterpartiet opna for det same.

I dag er det 389 vassdrag i Norge som er heilt eller delvis verna mot utbygging.

Kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup

RØR: – Det er særleg i flaumutsette vassdrag at vi bør vurdere å leie delar av vatnet i røyr, seier Nikolai Astrup (H).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Men summen av flaumfare, grøn omstilling og høge straumprisar gjer at fleire no tek til orde for å revidere verneplanane.

I fjor stemte Framstegspartet og Senterpartiet for eit forslag om å auke norsk kraftproduksjon ved å opne verna vassdrag for utbygging.

Forslaget vart nedstemt, men sidan har stemninga snudd i Arbeiderpartiet, og no også i Høgre.

Kraftutbygging i Geirangerfjorden OK

Vi er klare til å støtte regjeringa sitt forslag om meir vasskraftutbygging på visse vilkår, seier energipolitisk talsmann i Høgre, Bård Ludvig Thorheim.

Frank Sve er energipolitisk talsperson i Frp:

Med dagens skånsomme byggjemetodar er det fullt ut mogeleg å sjå føre seg kraftutbygging også i til dømes verdsarvområdet i Geirangerfjorden. Her kan vi bore røyrgate i fjellet som ingen vil legge merke til. Tvert imot vil dette verte ein turistattraksjon.

Venstre-representant Alfred Bjørlo kjøper ikkje forsikringa om at utbygginga skal vere «skånsom» og at «moderne teknologi vil sikre at verneverdier ikkje vert forringa» .

Vi står midt oppe i ei naturkrise, ikkje berre ei klimakrise. Vi har stadig mindre urørt natur. Det siste vi treng er å sende gravemaskiner og dynamitt inn i vassdrag som er verna «for evigheten» for å bygge kraftanlegg.

Birgit Oline Kjerstad frå SV er medlem i Energi- og miljøkomiteen.

– For oss er det uaktuelt å opne for kraftutbygging i verna vassdrag. Så lenge ENØK-potensialet og oppgradering av eksisterande vasskraftverk ikkje er henta ut, skal vi la verna vassdrag i fred.

pj1cwkSgN7k

AP MED: I fjor stemte Senterpartiet for eit forslag om å auke norsk kraftproduksjon ved å opne verna vassdrag for utbygging. No har dei fått med seg Ap.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Skånsom kraftutbygging finst ikkje

Skånsom kraftutbygging finst ikkje. All menneskeleg aktivitet vil påvirke fisk, dyreliv og vasskvalitet, seier MDG-politikar Natalia Antonia Golis.

Stortinget erklærer med dette krig mot naturen, seier MDG-leiar Rasmus Hansson.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, tek hardare i:

Dette er skremmende historielaust. Sju av dei ti høgaste vassfalla våre er allereie bygde ut. Det er meir enn nok.

Sofie Marhaug er stortingsrepresentant for Raudt og 2. nestleiar i olje- og energikomiteen. Ho seier til NRK at signala frå Arbeiderpartiet er «stikk i strid med programforpliktelser, stemmegivning i forrige periode og tidligere uttalelser.»

Å bygge ned verna vassdrag inneber å fjerne vernet. Så enkelt og så vanskeleg er det.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til noe jeg bør vite om? Send meg en e-post!