Fleirtal for master i Hardanger

Sjøkabelalternativet får minst støtte i ny høyringsrunde.

Audun Klyve Gulbrandsen

YNSKJER OPPGRADERING: Bevar Hardanger med leiar Audun Klyve Guldbrandsen i spissen ynskjer fyrst og fremst det såkalla tredje alternativet.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Fristen for å koma med uttaling om utvalsrapportane knytta til sjøkabelalternativet gjekk ut natt til i går.

Høyringa var open og kven som helst kunne koma med si meining i saka. I alt vart det motteke 31 svar, melder avisa Nationen.

Dødt løp


Fråsegna som er motteke viser at det er fleirtal for luftspenn, medan det er dødt løp mellom sjøkabel og det såkalla tredje alternativet.

Det tredje alternativet inneber ei oppgradering av straumnettet som alt finst, samt å kombinera det med fjernvarme og lokal kraftproduksjon.


Todelt Hardanger

Samnanger og Eidfjord kommune godtek luftspenn, medan Ulvik og Bergen ynskjer sjøkabel saman med Hardangerrådet, som omfattar sju kommunar i Hardanger.

Bevar Hardanger sitt fyrsteval er det såkalla tredje alternativet.

— Vert det line, vil sjøkabel vera alternativet me går inn for, seier Audun Klyve Gulbrandsen, dagleg leiar i Bevar Hardanger til Nationen.

— Poenget vårt er likevel at Sima-Samnanger er uforsvarleg å byggja om ein set det opp mot samfunnlønsemd og det som finst av alternativ, seier Gulbrandsen.