Hopp til innhold

Fleire vogntog står fast på E39

Fleire vogntog har fått problem på dette glatte føret ved Storehaug på E39 mellom Førde og Sande.

Vongtog står fast

PROBLEM: Fleire vogntog har fått problem på det glatte føret.

Foto: Jarle Arvid Aase

– Eg trur det må vere snakk om 10 vogntog som har fått problem. Fleire har køyrt inn til på parkeringsplassen ved Kårstad transport for å legge på kjetting, seier nabo Jarle Arvid Aase.

Per Solheim

VANSKELEGE KØYREFORHOLD: Per Solheim har køyrt frå Vadheim til Førde.

Foto: Privat

Han seier at ein liten lastebil måtte og ha hjelp av bilbergar, og at problema ser ut til å vere like store både for sørgåande og nordgåande trafikk.

Per Solheim som har køyrt personbil forbi same området fortel at det var svært vanskeleg køyreforhold på E39 i anleggsområdet mellom Vadheim og Sande.

– Det gjekk brøytebil her, men det burde nok vore bruk vegskrape, for det låg ei tjukk ishinne midt i vegen som gjorde det svært vanskeleg å køyre, og når vi køyrde frå Sande forbi Myrmel mot Langeland var det svært glatt der og.

Bilberging

MÅTTE FÅ HJELP: Fleire av vogntoga måtte ha hjelp av bilbergar.

Foto: NRK-tipsar

– Vi var vel vitne til ei nestenulukke. Eine vogntoget sklei sidelengs over i motgåande køyrefelt og ned i grøfta om måtte ha hjelp for å kom i gang at, seier bilbergar Arild Tistel.

Han seier at medan han var der så var det 10 – 15 vogntog som måtte stogge for å legge om til kjetting.

– Fire – fem av dei måtte vi hjelpe.

Han seier at vêromslaget førte til at det var svært glatt i området.

– Det kom ei vegskrapa medan vi stod der, og då kom det seg ein del etterpå.

Han oppmodar alle bilistar om avpasse farten etter føret når det slike forhold som i dag.

– Du veit aldri kva du kan møte rundt neste sving, eg tykkjer mange av dei som køyrer forbi oss når vi står og jobbar i vegkanten held svært høg fart.