Hopp til innhold

Fleire vil trene utanom treningane

Oppblomstring av fotballakademi i Sogn og Fjordane.

Fotball

Det er fleire og fleire ungdomar som ønskjer å trene på fotballakademi. No kjem det femte akademiet i fylket i Jølster.

Foto: Rune Fossum / NRK

No vil Jølster som femte klubb i fylket prøve å starte opp eit slikt akademi. Det betyr at ungdomane må møte opp på trening allereie klokka sju om morgonen.

Jaktar instruktørar

Jølster 3 vs Jølster United

Oddvar Årdal har god tru på at fotballakademiet vil fungere godt i Jølster. Her er han frå kampen mellom Jølster og Jølster United tidlegare i år.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det har dei erfart i Sogndal at det ikkje alltid er enkelt. For det er ikkje berre berre å ha mange titals ungdommar på fotballspeling klokka 7 om morgonen.

- Når ein har så mange deltakarar er det alltid ei utfordring å finne nok instruktørar. I tillegg til å leggje tilrette for nivået dei ulike elevane har, seier akademiansvarleg i Sogndal, Sebastian Kaldestad

Fem akadademi i fylket

For Sogndal er ein av stadane fotballakademiet er i drift og fungerer. Dei var først ute med ideen. Allereie i 2007 starta det første akademiet.

No er det også i Florø, Førde og Dale. Og Jølster som no startar opp.

Eit fotballakademi er rett og slett fotballtreningar for ungar og ungdom utom vanleg klubbtrening.

Får brev frå skulen

I Jølster startar fotballakademiet opp 18.oktober og varer til jul. Over nyttår held dei fram i tre månader. Og no vil elevane få brev med seg heim om saka frå skulen.

- Målet er både å få fram betre fotballspelarar, og å fremje fysisk aktivietet. , fortel Oddvar Årdal i Jølster.

- Kor mange deltakarar treng de for å drive akademiet?

- Vi har sett på det, og trur at omlag 60 elevar vil vere bra, seier Årdal.

Flest mogleg skal ha tid

Noko av poenget med eit fotballakademi, er at flest mogleg skal ha tid å vere med.

Sogndal har hatt om lag 60 fotballspelarar i sving på sitt akademi frå november til april sidan 2007, altså i månadane utom sjølve fotballsesongen. For at fotballen ikkje skal kræsje med andre ting, går mange av treningane før skulen startar.

- Det kan vera utfordrande, seier Frode Saue, far til ein gut som har vore med på akademiet i to år.

For å vere klar til trening så tidleg som klokka sju på morgonen kan vere utfordrande.

- Det kunne vere eit problem for nokon å kome seg tidleg opp.

- Ha varisjon i treninga

- Men korleis vart dei vidare utover dagen? Friskare og meir opplagt?

- Nokon av gutane sa at dei vart det. Andre hadde ikkje fullt så mykje å gje i byrjinga av skuledagen.

Faren rår Jølster til å ha stor variasjon i treningane for ungdomane.

- Sonen min likte seg på akademiet, men det kunne vere litt einsformig i treningane.

Og det er Årdal i Jølster klar over.

- Dette er litt av desse tinga vi håpar på å få inn i skulen. Vi trur ungdomane vil synest det er kjekt og lærerikt, seier han.