– Fengselet har dyktig kriminalomsorg og får veldig gode resultat. Difor blir det heilt feil å leggje det ned, seier Senterparti-politikar Kjersti Toppe.
Måndag vart det kjend at Kriminalomsorgsdirektoratet har bestemt seg for å leggje ned det unike øyfengselet midt i Sørfjorden aust for Bergen.
På Ulvsnesøy, som ligg midt mellom Vaksdal og Osterøy, ligg eit av dei mest spesielle fengsla i Noreg. Her har innsette open soning, husdyr, store grønområde og eigen bondegard.
Men innan sommaren 2019 er det slutt. Justisdepartementet har sagt nei til å kjøpe øya når leigekontrakten går ut, slik dei har fått tilbod om.
Dette får Toppe til å reagere.
– Kriminalomsorga er allereie veldig pressa. I dag har vi ei avtale med fengselsplassar i Nederland for å dekke behovet. Då heng ikkje dette saman.
– Vi vil få store fengsel med store avdelingar. Det vil gje eit dårlegare tilbod, seier Sp-politikaren.
Vil ha reint kvinnefengsel
– Vi er veldig overraska. Dette er eit forhasta vedtak, seier ordførar Jarle Skeidsvoll i Osterøy kommune.
– Dette er eit velfungerande lokalt tiltak som berre har blitt betre og betre, faktisk eit av dei beste i bransjen. Då er det forferdeleg synd å trappe ned, seier fungerande ordførar Sigmund Simmenes (Sp) i Vaksdal.
Etter allmøtet måndag, der Kriminalomsorgsdirektoratet la fram avgjerda, sa Norsk Fengsels- og friomsorgsforbund (NFF) at dei vil kjempe for vidare drift.
– Øya har eit stort potensial som kvinnefengsel. No vil vi prøve å få det politiske miljøet til å sjå at staden kan brukast til dette, seier Bjarte Engelsen Syse i NFF.
Det støttar ordførarane i kommunane rundt øya.
– Dette er noko ei utgreiing kan peike på eller seie noko om. Men no er det avgjort å avvikle fengselet før utgreiinga er ferdig, og det er svært uheldig, seier Skeidsvoll.
Gir seg ikkje utan kamp
Kriminalomsorgsdirektoratet grunngir avviklinga med at det ville blitt for dyrt å kjøpe og vedlikehalde bygningane på Ulvsnesøy.
– Dessutan er behovet for soningsplassar mindre no enn tidlegare, sa direktør Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet til NRK måndag.
Ordførarane i Osterøy og Vaksdal meiner likevel Ulvsnesøy har ein plass i kriminalomsorga på lang sikt.
– Vi vil no gå inn i arbeidet politisk, opp mot Stortinget, regjeringa og dei som skal ta ei endeleg politisk avgjerd med tanke på eit mogleg framtidig tilbod på Ulvsnesøy, seier Skeidsvoll.
– Målet er vidare drift. Så får ein kome tilbake til eigedomsforhold og vedlikehald av området. Vi gir oss ikkje utan å kjempa for denne institusjonen, seier Simmenes.