Hopp til innhold

E16 stengt over helga

Sikringsarbeidet etter raset ved Stanghelletunnelen er så krevjande at E16 vert stengt til over helga.

Ras Stanghelletunnelen

STENGT HEILE FREDAG: E16 ved Stanghelletunnelen. Omkjøring er Fv 7 og Rv13.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Arbeidet med å få ned store blokker, utan å skade installasjonar knytt til veg og jernbane, er utfordrande, seier byggjeleiar Kåre Olav Aldal i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

– Vi må difor halde vegen stengt dei neste dagane.

Det var onsdag kveld at eit stort ras hamna i E16 ved Stanghelletunnelen mellom Trengereid og Dale.

Sidan har vegen vore stengd, og det er omkøyring via fylkesveg 7 og riksveg 13.

Må sprenga

Dei største blokkene i fjellet må ifølgje vegvesenet sprengjast i mindre delar, medan andre kan boltast.

I samband med arbeidet må jernbana stengjast i periodar på laurdag og sundag.

(Saka held fram under videoen)

Slik ser rasområdet på E16 ut fra luften

SJÅ VIDEO: Sjå raset frå lufta

Venta mykje trafikk

I forbindelse med at det denne helga vert arrangert Skarverennet på Finse, er det venta mykje trafikk på vegane.

Det er mange tusen som skal gå rennet, og mange av dei reiser opp i dag.

Statens vegvesen seier at folk som skal til fjells må rekna ein og ein halv time lenger reisetid rundt Hardanger.

– Når all trafikken som vanlegvis køyrer E16, no må om fjorden, vert det utfordringar, seier Stig Arild Øystese i Statens vegvesen.

Alternativet vil vera å ta tog, men ifølgje NSB er toga frå Bergen fredag heilt fulle.

Det er sett opp ekstratog laurdag og søndag.

Får utfordringar

At E16 kan bli stengt over helga, skapar utfordringar for Vaksdal kommune.

– Det vert jo utfordringar i forhold til tenestene våre, fortel ordførar Eirik Haga.

– Vi klarte å halde tenestene våre tilnærma normale gjennom gårsdagen, og vi har planar for i dag også, legg han til og seier at kommunen er i beredskap.

Kommunen har oppretta kontakt mellom AMK og Ulvsnesøy om bruk av båten deira i tilfelle akuttsituasjon.

Fryktar ras – fleire vegar stengde

Også fylkesveg 48 mellom Tysse og Gaupholm er stengd på grunn av rasfare.

Det same er fylkesveg 131 mellom Porsmyr og Fyksesund bru.