Fleire varme- og tørkerekordar i september månad

På sitt varmaste var september varmare enn august i år. Fleire stader har det aldri blitt målt så lite regn i september. Drammen sette ny varmerekord.

Grønland

VARMEREKORD: Drammen sette ny varmerekord for september månad på 28,6 grader. Det har aldri vore målt høgare temperatur i september før.

Foto: Knut Arne Gjertsen / Wikimedia

– Det har vore både varmare og tørrare enn det vi vanlegvis ser når hausten set i gong, seier klimavakt ved Meteorologisk institutt, Marte Buraas.

Temperaturen i landet har lege 0,6 grader over gjennomsnittet frå dei siste 30 åra.

På landsbasis blei denne septembermånaden den ellevte varmaste som er registrert sidan målingane byrja i 1900.

Heile 15 målestasjonar sette ny varmerekord for september månad.

Drammen sette ny noregsrekord for høgaste temperatur i september. Temperaturen vart målt til heile 28,6 grader og er den varmaste i september sidan målinga byrja.

I gjennomsnittstemperatur har dei varmaste stasjonane vore:

● Færder fyr (Vestfold og Telemark), 14,8 grader (0,8 grader over normalen)

● Torungen fyr (Arendal, Agder) og Oksøy fyr (Kristiansand, Agder) 14,7 grader (høvesvis 1,2 grader og 1,3 grader over normalen)

● Svenner fyr (Larvik, Vestfold og Telemark) og Lyngør fyr (Tvedestrand, Agder) 14,6 grader (høvesvis 0,9 grader og 1,1 grader over normalen)

Normalen blir rekna ut frå dei siste 30 åra.

Færder fyr

VARMAST: Færder fyr i Vestfold og Telemark hadde den høgaste gjennomsnittstemperaturen denne septembermånaden med 14,8 grader.

Foto: Arne Marthinsen / NRK

Sør-Noreg spesielt varmt

I år var den høgaste temperaturen i september høgare enn maksimumstemperaturen i august. Det har berre skjedd to gonger tidlegare, i 1958 og i 2016, fortel klimavakta.

– Det er rett og slett uvanleg høg temperatur, seier ho.

Ei årsak til den høge snittemperaturen i september er det høge talet på høgsommardagar. Høgsommardagar er dagar der temperaturen stig over 25 grader.

Klimavakt i Meteorologisk institutt Marte Sofie Buraas

VARMT OG TØRT: – September månad har vore uvanleg tørr og varm, fortel klimavakt i Meteorologisk institutt, Marte Buraas.

Foto: Privat

Notodden og Flesberg i Viken hadde fem høgsommardagar i september, noko som er ein dag meir enn rekorden for september.

Det er i Sør-Noreg varmen har vore spesielt høg. Vestland og Viken har hatt det relativt varmast. Der har enkelte stasjonar i gjennomsnitt lege to grader over normalen.

– Varmen i Noreg skuldast kor vi får luftmassane frå, samt kor høg- og lågtrykka ligg. I år har varmen kome frå sør i Europa og vi har ikkje vore like prega av lågtrykka som vanlegvis kjem med jetstraumane, fortel Buraas.

Orre strand

TØRT: På Klepp i Rogaland har det aldri vore målt lågare nedbørsmengde for september enn i år. Her frå Orrestranda.

Foto: Wikimedia Commons

Rekordmålingar i Rogaland

På landsbasis kom det 15 prosent mindre nedbør enn gjennomsnittet for september månad.

– Stort sett kan vi seie nedbøren har falt mindre ned langs kysten og meir i fjella enn det vi vanlegvis ser, seier ho.

Det er spesielt Sørvestlandet som har hatt mindre nedbør enn normalt.

På Klepp og Karmøy i Rogaland har det aldri vore målt lågare nedbørsmengde for september. Fleire stasjonar i Agder hadde nedbørsmengder opp mot 80 prosent mindre enn normalt.

Også på Hamar i Viken og i Tana i Troms og Finnmark kom det rekordlite nedbør denne septembermånaden.

Dei tørraste målestasjonane var:

  • Nyrud (Sør-Varanger, Troms og Finnmark) 10,5 mm (73 prosent mindre enn normalen)
  • Polmak tollsted (Tana, Troms og Finnmark) 13,4 mm (64 prosent mindre enn normalen)
  • Lista fyr (Farsund, Agder) 16,4 mm (86 prosent mindre enn normalen)
Øvre Pasvik Camping, Vaggatem

TØRRAST: Målestasjonen ved Nyrud i Troms og Finnmark var den tørraste målestasjonen denne septembermånaden. Biletet er frå Øvre Pasvik Camping.

Foto: Ksenia Novikova / NRK