Hopp til innhold

Rus skapte arbeid for politiet

Politiet måtte natt til laurdag rykke ut på grunn av hjullastartjuveri, rus og festing.

Fredag kveld fekk politiet melding om at to tenåringar hadde stole ein hjullastar i Jølster. Politiet tok hand om tenåringane og leverte dei til foreldra. Saka blir følgt opp.

Politiet måtte natt til laurdag rykke ut to gangar på grunn av feststøy. Ein gang i Førde, der kom politiet til staden og avslutta festen. Og ein gang i Høyanger, der måtte politiet vise bort bråkete ungdommar som ikkje fekk kome inn på festen.

Like etter klokka elleve fredag kveld fekk politiet melding om ein rusa mann som var til sjenanse ved ein Serveringsstad i Førde. Politiet tok hand om mannen og køyrde han heim.

Seinare på natta fekk politiet i Førde på nytt melding om ein rusa mann utanfor ein serveringsstad. Denne mannen vart meldt for å ha og ha brukt narkotika, og politiet opprettar sak.

I Vågsøy vart ein mann i tjueåra sendt til lege for kontroll etter ein slåstkamp utanfor ein serveringsstad.