Hopp til innhold

Fleire unge gamer, men vaksne har fordommar

Gamerar er usosiale, tenker mange vaksne framleis, sjølv om stadig fleire unge gamer. – Ikkje flaut å vere gamer, seier dei sjølve.

To gutar som ser på kvrandre i eit klasserom

FORDOMSFRI: Sigve Utle Kolltveit og Storm Sangolt ved Sunnfjord Folkehøgskule opplever få fordommar mot gaming blant andre ungdomar.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

– Eg kjenner ikkje på skam for å bli kalla ein gamer, seier Sigve Utle Kolltveit.

19-åringen er elev ved Sunnfjord folkehøgskule på linja E-sport og aktiv. Medelev Storm Sangolt (19) ser heller ikkje på «gamer» som eit særleg negativt ord – dei fleste andre ungdommar gamer jo.

Gamle fordommar

Ei undersøking gjort av Ipsos på vegner av Blåkors i slutten av 2020 og starten av 2021, viser at 44 prosent av foreldra opplever at barnet har spelt meir dataspel under koronapandemien.

Samstundes heng gamle fordommar om gamerar som usosiale åleine på guterommet igjen.

– Fordommar rundt dataspel handlar om at speling er usosialt og har negative konsekvensar for ungdomar si psykiske helse, seier Marie Lunde.

Ho er gamingkonsulent i Ungdom og fritid, landsforeininga for fritidsklubbar og ungdomshus. I likskap med Kolltveit viser ho til at dei fleste ungdommar har erfaring med dataspel. Ho fortel at det som regel er dei vaksne som har fordommar mot ungdom si gaminginteresse.

Mørkt rom der ungdom gamer

SPELING PÅ TIMEPLANEN: Elevane på linja e-sport og aktiv bruker rommet til linjefag.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

Sosialt og meistringskjensle

Lunde forklarar at det er viktig å kjempe mot fordommane for å få fram dei positive sidene ved gaming. Ho fortel at speling er ein hobby som alle andre. Mange opplever at dei har ein plass å vere gjennom spelinga, ifølge eksperten.

Dette kjem også fram i ein fersk rapport gjort av Oslo Met på vegner av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Dei skriv at gaming utgjer ein stor del av ungdomslivet for mange, og at ein må kjempe mot fordommar knytt til gaming blant vaksne og foreldre.

– Fleire og fleire foreldre har vakse opp med speling. Med tida trur eg at fordommane vil bli borte, spår gamingekspert Lunde. Organisasjonen Ungdom og Fritid er ein av dei som har blitt intervjua til rapporten.

– Som ein sport

På Sunnfjord folkehøgskule fortel Kolltveit og Sangolt saman med Kevin Jensen (19) at det finst negative stereotypiar, men at det ikkje er så vanleg blant jamaldrande. Dei har også høyrt dei klassiske stereotypiane om at gamere er usosiale, utrente og ikkje dusjar.

– Eg synest berre det er morosamt å kødde med gamingstereotypiar, men det er litt sårande om nokon faktisk meiner det, seier Kolltveit.

Tre gutar som ler og sklir ned ei islagt bakka.

AKTIVE: Elevane Sigve Kolltveit, Storm Sangolt og Kevin Jensen har dataspel som éin av fleire hobbyar.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Dei tre elevane opplever at gaming er litt som ein sport. I likskap med sport, bruker ein også i gaming mange timar og jobbar mot å bli betre. Då gir det meistringskjensle når det går bra, og frustrasjon når det går dårleg.

Mens Kolltveit og Sangolt speler mest med fysiske venar, opplever Jensen at han har fått mange gode venar gjennom å spele online.

– Eg kjenner faktisk på eit tettare vennskap med dei på nettet. Eg torer å snakke litt meir ope om ting, forklarar Jensen.