Vanskelege køyreforhold på vegane

Nullføre og glatte vegar har skapt trøbbel i trafikken. I Hardangerveien har eit grantre ramla ned.

Slaps på vegane i Hordaland

VANSKELEG: Snøfall, slaps og nullføre. Det har vore fleire trøbbel i trafikken i dag.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

– Det er eit gigantisk grantre som har ramla over og sperrar heile vegen, får NRK opplyst frå Vegtrafikksentralen.

Tipsarar fortel til NRK at det no er full stopp på fv. 580 Hardangervegen mellom Nesttun og Arna.

– Eg ser berre raude lys framfor meg, skildrar ein bilist.

Stengt lenge

Klokka 12.00 fortel trafikkoperatør Idar Sangholt at det blir stengt lenge.

buss utfor vegen

I GRØFTA: På den smale og glatte vegen hadde ikkje bussjåføren ein sjanse til å halda seg på vegen då han møtte ein bil.

Foto: Bjørn Kjetil Hansen

– Det vil ta tid å rydda opp. Av erfaring kan det ta eit par timar før treet er vekke og vi kan opne vegen igjen, fortel han til NRK.

Grantreet har falle ved gamle Heldal skole og har rive med seg leidningar. BKK og folk frå vegvesenet er på staden.

Vanskelege køyreforhold

Snøfallet i føremiddag har ført til fleire trafikkuhell. I Fusa hamna ein rutebuss i grøfta ved Skogseidvatnet, på veg frå Eikelandsosen til Mundheim. Ingen passasjerar var om bord og føraren slapp uskadd frå utforkøyringa.

Birkelundsbakken

GLATT: I Birkelundsbakken var det og vanskelege køyreforhold i dag.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

I Bergen har det vore kaos opptil fleire stader. Først i Sandviken då to bilar i 09.00-tida kolliderte på E39 ved bompengestasjonen like før Fløyfjellstunnelen i sørgåande retning.

I 10.15 tida fekk ein personbil sladd i nordgåande retning på Danmarks plass. Bilen kolliderte med ein lastebil, og det vart full stopp i trafikken medan ambulanse og bergingsbil jobba på staden. Ingen av dei involverte skal ha fått alvorlege skader.

Laster kart, vennligst vent...