Telenor har problem med fasttelefoni, breiband og mobildekning i fire kommunar

Telenor-kundar i Gulen, Solund, Hyllestad og Høyanger er utan telefon og internett.

Telefonpropp

ILLUSTRASJON: Både fasttelefon, internett og mobilkundar er utan samband i fire kommunar i Ytre Sogn.

Foto: Roald Marker / NRK

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier det er problem med straumforsyninga.

Feilen skjedde kring klokka 2120. Det er venta at den vil vere retta klokka 02.

– Det er 16 basestasjonar som er ute i Gulen, Solund, Hyllestad og Høyanger. I alt 1927 fastkundar er råka og kring 1400 internettkundar, seier han til NRK.no.

Ved pressetelefonen får NRK.no opplyst at mobildekninga ikkje er heilt vekke, men at den er redusert i dei fire kommunane.

Feilen skal ha oppstått i ein større sentral. Entreprenør skal vere på veg for å rette feilen.

Terje Brandsøy hos Brannalarmsentralen i Florø oppmodar heimesjukepleien og pårørande om å vere ekstra påpasselege med personar som kan ha tryggleiksalarm.

– Så lenge dette er nede, så har dei som bur i desse områda problem med å nå fram til oss, seier han.