Hopp til innhold

Fleire tusen liter rann gjennom kontorbygg i Bergen: Privatskule må stenga etter lekkasje

Eit vassrøyr under trykk har spylt ut tusenvis av liter vatn i eit kontorbygg i Bergen. Vatn har runne gjennom seks etasjar og ned i kjellaren.

Vannskader hos Noroff Bergen etter vannlekkasje i Industrihuset i Bergen

MÅ STENGA: Noroff Bergen stenger skulen for dei 230 elevane sine måndag. I slutten av april hadde dei offisiell opning av dei nyoppussa lokala i Industrihuset.

Foto: Privat

Fleire tusen liter vatn har rent gjennom tre etasjar og gjort omfattande skader i eit kontorlokale på Møhlenpris i Bergen i natt.

Brannvesenet fekk melding om lekkasjen klokka 11.30. Då hadde eit saneringsfirma allereie undersøkt skadane og konkludert med at dei trong hjelp til å fjerna vassmengdene.

– Det er snakk om mange tusen liter vatn. Det er lekkasje over tre etasjar og i mange rom. Me kjem nok til å bli her ei stund, seier vaktkommandør Morten Frantzen i 110 Vest klokka 11.30.

Innsatsleiar brannvesenet Jan Aase under vannlekkasje i Industrihuset

INNSATSLEIAR: Jan Aase i Bergen brannvesenet fortel om omfattande materielle skader og ein stor ryddejobb i kontorbygget på Møhlenpris.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Sundag ettermiddag slår innsatsleiar Jan Aase i brannvesenet fast at vatnet truleg vil renna heilt ned til kjellaren.

– Det har stått eit røyr og leke med trykk på i alle fall sidan i går kveld. Det starta i sjette etasje, og no har me også folk i tredje. Det er ting som tyder på at vatnet kjem heilt ned til kjellaren.

Vannlekkasje Industrihuset på Møhlenpris i Bergen 29. mai 2022
Foto: Alexander Ophaug / NRK

– Bygget er gjennomsyra av lekkasjen

Innsatsleiar på staden Jan Aase omtalar skadane som omfattande. Rundt tusen kvadratmeter kontorlokale og kantine har fått materielle skader.

Brannvesenet er på staden med to brannbilar og ein patrulje med spesialkompetanse på restverdiredning. Dei kjem til å bli verande på adressa i mange timar for å suga opp vassmengdene og forsøka å redda verdiar.

Lekkasjen er stansa, men oppryddingsarbeidet kjem til å ta tid.

– Vi jobbar no med å fjerna vatn med pumper. Deretter begynner den store jobben med å tørke opp, seier Aase.

Vannlekkasje i Industrihuset på Møhlenpris 29. mai 2022
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Vatn i kjellaren

Det er fire etasjar som så langt er råka. Innsatsleiar Aase opplyser at lekkasjen starta seinast i går. Eit vassrøyr under trykk har etter alt å døma hoppa av koplingspunktet på ei maskin, opplyser 110-sentralen.

Dermed har slangen blitt liggande og spylt vatn frå sjette etasje, gjennom trapper, tak og himling heilt ned til tredje etasje.

– Heile bygget er gjennomsyra av denne lekkasjen, seier Aase.

Også i kjellaren er det spor etter lekkasjen. NRK har vore inne og sett at vatnet har runne heile vegen gjennom bygget.

Det ligg minst eit par centimeter vatn på golva i dei råka etasjane. Elleve brannfolk er i aksjon sundag ettermiddag. Også eit skadesaneringsfirma er på plass med ti arbeidarar.

Rann gjennom seks etasjar

Klokka 14.30 opplyser 110-sentralen at berre restverdibilen er igjen. Då er det aller meste av vatnet sugd opp og ut av bygget.

Utover ettermiddagen vil arbeidarar frå Skadealliansen montera luftavfuktarar og lufta ut bygget.

Brannvesenet omtalte dei materielle skadene innleiingsvis som store, men ein representant frå saneringsfirmaet opplyser at skadene på sjølve bygget og kontorinnreiingane ikkje er så store.

Han bekreftar at vatn har runne heile vegen frå sjette etasje til kjellaren, men at det kun er snakk om tilsig av mindre mengder.

– I mitt hovud er det ikkje så store skader. Det er mykje tepper og laminat, så det har vore greitt å fjerna vatnet. No konsentrerer me oss om å få vekk vatnet, så får me ta ei opptelling av kva som er øydelagt i etterkant, opplyser representanten frå Skadealliansen til NRK.

Ein fuktteknikar vil måndag inspisera bygget for å vurdera kor mykje vatn som har sige inn i konstruksjonen.

Noroff Bergen ramma av lekkasje i Industrihuset i Bergen

RENN PÅ VEGGAR: Vegger, tak og golv har fått tydelege skader etter vasslekkasjen i Industrihuset. Noroff hadde flytta inn i nyrenoverte lokale etter nyttår. Så seint som i april hadde dei offisiell opning.

Foto: Privat

Privatskule må stenga etter lekkasjen

Huset som er råka består hovudsakleg av kontorlokale og ei kantine. Bygget er kjent som Industrihuset på Møhlenpris og er eigd av Theodor Eiendom AS.

Ole-Jørgen Fæø er dagleg leiar i selskapet. Han seier at skadene heldigvis gjeld ein nokså sentrert del av bygget.

Dermed er det berre fem av dei totalt 20 leigetakarane som får ein utfordrande start på arbeidsveka.

– Skadealliansen vil halda fram i bygget utover kvelden og natta. Tørking og lufting vil sjølvsagt ta nokre dagar. Heldigvis er det eit fåtall leigetakarar som er råka.

Truleg kan drifta halda fram som normalt til veka, men Fæø trur enkelte av bedriftene må flytta internt i sine lokale.

– Det er snakk om store leigetakarar, så eg trur dei skal klara å finna løysingar i tida dette står på, opplyser Fæø.

Sundag ettermiddag skriv BA at Noroff Bergen må stenga som følge av lekkasjen. Skulen vil vera stengt for elevar og lærarar måndag, men leiar Iselin Skudal seier til NRK at ho håpar dei kan opna tysdag.

– Me håpar å opna for studentane på ein litt alternativ måte frå tysdag av.

Det er for tidleg å seia kor mykje som er øydelagt av dei mange tusen literane med vatn som rann gjennom bygget.

– Det vil ta tid før me ser kor store skadene er. Me ser allereie at det boblar på veggar. Mykje må nok rivast, trur Skudal, som er campus manager for Noroff i Bergen.