Hopp til innhold

Fleire tusen feira kongen

Avdukinga av det omstridde statuen trakk fleire tusen menneske til Skjerjehamn laurdag. Kunstnaren sjølv var også med på feiringa.

Folkefest i Gulen
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Denne dagen har eg sett fram til, seier billedkunstnar Knut Steen.

Skyssbåtane måte gå i skytteltrafikk for å frakte alle folka som ville vere med på festen.

 

Knut Steen
Foto: Kristine Askvik / NRK

- Ein god heim

For sjølv om regnet auste ned, valfarta folk ut til Skjerjehamn laurdag. Staden ligg ved innseglinga til Sognefjorden og Steen er ikkje i tvil om at statuen har fått ein god heim.

- Eg er veldig nøgd. Eg tykkjer han ser veldig bra ut. Han tek seg veldig godt ut der han står. Her skal han stå i både solskinn og storm og helse til folket, seier Steen.

Og både Steen og oppdrettsmillionær Ola Braanaas hadde ein tåre i augekroken då statuen vart avduka.

- Eg må jo nesten få lov til å kalle deg far til statuen no, sa Steen til Braanaas.

Far og bestefar

- Då må du vere bestefaren, svara Braanaas med eit smil. Og så ga dei kvarandre ein klem før alle stemte i og sang nasjonalsangen.

Braanaas har betalt to millionar kroner for å få statuen til Skjerjehamn. Men det tok si tid før det vart klart at statuen skulle hamne akkurat her.

Vart avvist

Den vart opprinneleg bestilt av Oslo kommune og skulle stå foran rådhuset i Oslo. Men Oslo kommune ombestemte seg og takka nei til kunstverket.

Då starta drakampen om kor i landet statuen skulle stå. Steen valgte til slutt ut to stader han ville sjå nærare på - Austevoll i Hordaland og Skjerjehamn i Gulen i Sogn og Fjordane. Etter å ha studert begge plassar, kom han fram til at Skjerjehamn ville vere den beste staden å stå for Folkekongen.

Kjendisar hylla kongen

Folkefest i Gulen
Foto: Kristine Askvik / NRK

Nora Brockstedt (biletet) var ein av fleire artistar som underheldt. Ho sang "Du skal få ein dag i morra". Og publikum sang med.