Det er stengde og glatte vegar over heile landet. Frå torsdag kveld har fleire område farevarsel om snø og snøfokk, samt at dei fallande temperaturane kan føre til underkjølt regn fleire stader.
Det har blitt sendt ut 21 raude farevarsel i tilknyting til ekstremvêret – ny rekord, ifølge NVE.
I Melhus måtte to personar svømme i land då vassmassane tok bilen deira.
Tidleg på torsdag køyrde Vetle Øvrebotten langs fylkesveg 5676 i Sunnfjord. Der sto han plutseleg ansikt til ansikt med store steinar i vegbana.
– Eg møtte ein bil berre eit par minutt i forkant, så raset må ha gått nettopp, seier Vetle til NRK.
Han presiserer at han tek hendinga «med ro».
– Når du er ute og køyrer på slike våte dagar, så kan det rase, seier han.
Fleire stengde vegar
Roger Berg ved Vegtrafikksentralen fortel om ei travel natt til torsdag. Og det blir nok enda ei.
– Det er mykje vatn stort sett overalt. Det er ikkje alle stader det går an å gjere noko med det, seier han.
Hardast ramma er Midt-Noreg, men også andre stader er det redusert framkome.
NVE: – Flaumtoppen kan komme natt til fredag
NVE ventar at vasstanden i elver og vassdrag vil auke.
– Det er store lokale variasjonar, men torsdag vil bli den mest intense dagen, seier regionsjef i NVE, Terje Thuset.
– Flaumane heng litt etter. Flaumtoppen kan komme natt til fredag.
På E6 sklei ein semitrailer av vegen.
– Semitraileren fekk ein sleng på hengaren, seier operasjonsleiar Rune Vegard Husøy.
Traileren er fjerna, og vegen er opna att.
– Men ver obs på at det kan vere veldig glatt forskjellige stader på grunn av skiftande vêr og variasjon mellom varmegradar og kuldegradar, seier Husøy.
Fylkesberedskapssjef i Vestland, Haavard Stensvand, minner om at varsla gjeld vidare torsdag og inn mot fredag.
– Vi må ikkje begynne å slappe av enno. NVE understrekar at det er ein risiko i mange timar, så folk må ikkje bli altfor ivrige og gå ut og rydde ennå, seier Stensvand.
– Men vi er glad for at det ikkje vart så ille som frykta, i alle fall ikkje så langt.