Hopp til innhold

Fleire stengde fjellovergangar

Ruskete vêr fører til kolonnekøyring og stengde vegar fleire stader i aust og vest.

Slik ser det ut på Dyranut på Hardangevidda i morgontimane torsdag.

KOLONNE: Slik ser det ut på Dyranut på Hardangervidda torsdag morgon.

Foto: Statens vegvesen, webkamera

Torsdag er det ruskete vêr fleire stader, noko som får konsekvensar for fjellovergangane.

Kolonne og stengde vegar

Riksveg 13 Vikafjellet er stengd grunna uvêr, melder Vegtrafikksentralen torsdag morgon.

Over Hardangervidda på rv. 7 er det no kolonnekøyring for alle køyretøy.

– Vegen gjekk frå å vere open til at det no er kolonnekøyring her, seier Jørgen Bødtker i Vegtrafikksentralen.

– Er det fare for at denne og andre fjellovergangar også kan bli stengde utover dagen?

– Det er det opp til brøytemannskapet å vurdere. Dei sit på kunnskapen om korleis fjellet oppfører seg, så vi må lytte til kva dei vurderer.

Fylkesveg 51 over Valdresflya er òg stengd grunna uvêr. Fv. 55 Sognefjellet har vore stengd sidan tysdag morgon. Ny vurdering for denne strekninga vert fyrst gjort fredag klokka 09.00.

Steinar og tre har ramla ned

E16 ved Bolstadøyri har vore stengd sidan torsdag kveld etter ei steinblokk datt ned i vegbana. Vegen vert vurdert rundt klokka 09.00 av geolog og entreprenør.

STEINRAS: På E16 ved Bolstadøyri rasa det onsdag kveld stein og tre ut i vegen.

RAS: Onsdag dundra ein stein ned i vegbana på E16. Vegen er enn så lenge stengt.

Foto: Vest politidistrikt

Det har i løpet av natta vore fleire steinsprang og mindre ras i fylket.

På fv. 57 før Kjevikadalen i Alver kommune melde politiet om eit tre som låg i vegbana.

Mellom Førde og Naustdal på rv. 5 i Sunnfjord vart det melde om stein og trerøter i vegbana. Dette er no rydda vekk att.