Hopp til innhold

Fleire spør vener og familie om økonomisk hjelp

Talet på nordmenn som ber om økonomisk hjelp frå familie og vener for å dekka naudsynte utgifter, er dobla på eitt år, viser Frelsesarmeens fattigdomsbarometer for andre kvartal. 15 prosent oppgir at dei har trengt hjelp det siste halvåret. I mai i fjor svarte 8 prosent det same. Behovet for hjelp er høgast på Vestlandet, med 18 prosent i mai i år mot 12 prosent i mai ifjor. Færrast spør om hjelp frå familie og vener i Nord-Noreg.