Hopp til innhold

– Uorganiserte frivillege kan gjere flyktningkrisa verre

Stadig fleire nordmenn reiser til Hellas for å hjelpe til i flyktningkrisa. – Eg rosar engasjementet, men det kan forsterke problema i staden for å hjelpe, seier krisepsykolog.

Fleire nordmenn har på eige initiativ vald å reiser til Lesvos for bistå i flyktningkrisa.

Ein av dei som har pakka kofferten fulle av hjelpeutstyr og kjøpt flybillett til Lesvos for å hjelpe er Ole Petter Sæbø frå Hordaland.

– Dei forferdelege bileta i media gjorde at eg tok avgjersla om å reise til Lesvos. Eg har ei ferieveke igjen og bestemte meg for å bruke den veka på å forsøke å hjelpe, seier Ole Petter Sæbø.

Situasjonen på den greske øya er kritisk. Kvar einaste dag kjem nye flyktningar og i går bad FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) om naudevakuering av øya for å lette på det enorme presset.

Ole Petter Sæbø

ØNSKJER Å HJELPE: Ole Petter Sæbø reiser torsdag til Lesvos for å tilby si hjelp til flyktningane.

Foto: NRK

Reiser i grupper

Torsdag går Sæbø sitt fly. Saman med tre andre som skal reise med same fly samlar han no inn utstyr naudhjelpsorganisasjonane manglar. Det var BT som først intervjua han om saka.

– Eg trudde eigentleg eg kom til å reise aleine, men så tok tre andre kontakt, så no blir vi fire stykke på same fly. Førre veke reiste også ei gruppe på 16 personar frå Oslo, medan andre allereie har reist eller planlegg å reise, fortel Sæbø.

– Kan gjere situasjonen verre

Trass i gode intensjonar, får dei uorganiserte hjelparane kritikk frå Noregs mest kjende krisepsykolog.

– Eg vil på ingen måte ta liv av denne mobiliseringa, men det er viktig å tenke på at det blir for mange personar å handtere og kamp om hotellromma. Nokre gongar får også dei som treng hjelpa for mange å ta omsyn til, seier Atle Dyregrov ved Senter for Krisepsykologi.

Krisepsykologen understrekar at koordinering er alfa og omega i krisesituasjonar, og må gjerast av organisasjonar som har erfaring i naudhjelpsarbeid.

– Her berre kjem det folk, og då risikerer ein å forsterke problema i landet der flyktningane er. Det må vere ordna former om det verkeleg skal vere god hjelp, seier Dyregrov.

Atle Dyregrov

KRITISK: Krisepsykolog Atle Dyregrov er kritisk til at uorganiserte frivillige reiser til Lesvos for å hjelpe.

Foto: arkiv / NTB scanpix

– Håpar eg kan bidra

Så langt har Sæbø samla inn over 20.000 kroner, bereselar og kartongvis med førstehjelpsutstyr.

– Mange har ringt og ønska å hjelpe til. Andre har sagt dei vil sende utstyr i posten. Det er jo avgrensa kor mykje ein får med seg på eit fly, men det hjelper at SAS no lar oss ta med dobbelt så mykje bagasje, fortel Ole Petter Sæbø.

Korleis veka på Lesvos vil bli klarer han førebels ikkje å sjå føre seg.

– Eg har eit klårt hovud og to brukbare hender, så eg håpar eg kan bidra. Der er allereie folk på plass, og eg ønskjer å hjelpe til med kva enn dei måtte trenge, seier Sæbø.

En båt med flyktninger ankommer Lesvos

KRISE: Kvar einaste dag kjem nye flyktningar til øya Lesvos i Hellas.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp