Hopp til innhold

39 personar i front mot front – fleire kritisk skadde

Tre personar er kritisk skadde etter at ein buss og ein minibuss krasja i Stryn. I alt 12 personar vart sende til sjukehus i Førde og Bergen.

SJÅ VIDEO: Bussen var på veg frå Stryn mot Loen då ulukka skjedde. Minibussen kom andre vegen. Samanstøyten skjedde like etter at bussen kom ut av ein tunnel.

SISTE: Helse Bergen opplyser at tilstanden er kritisk for ei kvinne i 70-åra, medan ein mann (71) er alvorleg skadd. Tilstanden er alvorleg for ein 74 år gammal mann. Helse Førde opplyser at av ni pasientar ved sjukehuset der, er tilstanden alvorleg men stabil for ein pasient. Ein person har fått nedjustert skadeomfanget frå alvorleg til moderat. Sju personar er lettare skadde og får poliklinisk undersøking.

Både eit redningshelikopter frå Florø, og luftambulanse frå Førde og Ålesund vart kalla ut til ulukka ved Stavenestunnelen på fylkesveg 60 mellom Stryn og Loen.

AMK ved Helse Førde melde etter ulukka at fem personar vart sende til sjukehus med kritiske skader. To personar til Førde og tre personar til Haukeland i Bergen.

I alt vart det meldt om til saman 18 skadde etter trafikkulukkasom vart meld like over klokka 1430. Vegen var lenge stengd, men eitt felt vart opna klokka 1720. Like over klokka 18 vart vegen opna for fri ferdsle.

Trafikkulukke ved Stavenestunnelen i Stryn

GRANSKAR: Statens vegvesen si ulukkesgruppe er på staden og Statens havarikommisjon for transport og Arbeidstilsynet varsla om ulukka.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Politiet opplyste først at fleire personar var fastklemde, men har seinare gått tilbake på dette. Fleire av dei involverte personane er utanlandske.

– Årsaka til ulukka er ikkje klar, men førebelse undersøkingar på staden tyder på at minibussen har kome over i motgåande køyrefelt og treft turistbussen i fronten. Kvifor veit vi ikkje no, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.

– Stod delvis opp på støypekanten

Åse Evebø frå Stryn var ei av dei første som kom til ulukkesstaden. Ho forstod raskt at det var snakk om ei alvorleg ulukke.

Åse Evebø

KOM TIL: Åse Evebø var på veg til Sogndal då ho kom midt opp i trafikkulukka på fylkesveg 60.

Foto: Privat

– Høgre fronten på varebilen var heilt øydelagd. Den stod delvis opp på autovernet. Bussen var også knust i front og sida. Det var tydeleg at folk var skadde og hadde vondt, seier Evebø.

Dei første som kom til ulukka hadde allereie varsla naudetatane. Evebø tok seg av skadde.

– Vi kunne ikkje gjere meir enn å hjelpe og trøyste, seier Evebø.

SJÅ VIDEO: Åse Evebø var blant dei som tok seg av skadde til naudetatane kom til staden.

Politiet opplyser at det var 32 asiatiske passasjerar og ein førar i turbussen. Minibussen hadde fem belgiske statsborgarar og ein førar. Alle dei kritisk skadde sat i minibussen. Desse er frakta til sjukehus med helikopter.

Kriseteamet er varsla

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo seier Stryn kommune etablerer den kommunale krisestaben etter ulukka. – Det er trist når slikt skjer, men vi må gjere det vi kan for å ta vare på dei involverte, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er førebels uvisst kvifor ulukka skjedde. Stryn kommune sitt kriseteam er varsla. Ordførar Sven Flo (H) seier dei opnar legekontoret.

– Der samlar vi alle legane vi får tak i og det blir ei form for selektering av skadde i høve til å sende vidare eller ikkje, seier Flo.

I 19-tida opplyser AMK at tre av pasientane som er undersøkte på legesenteret blir sende til Førde sentralsjukehus for oppfølging på poliklinikk.

– Vi vil vurdere om dei skal handterast eventuelt via hotell eller andre stader som er eigna, men dette har vi ikkje oversikt over per no, legg han til.

Med fleire turistattraksjonar i området der det gjennom sommaren stor trafikk gjennom Stryn kommune.

– Med den enorme trafikkmengda vi har, så er vi budde på at det kan skje bussulukker. Likevel vil det alltid komme overraskande på oss og då må vi handtere det, seier han.

Vart stengd i fleire timar

Trafikkulukke i Stryn

FLEIRE SKADDE: Fleire personar sit fastklemde etter trafikkulukka ved Staveneset mellom Stryn og Olden.

Foto: NRK.no-tipsar

NRK fekk opplyst frå lokalt brannvesen at dei reknar med at vegen ville bli stengd i fleire timar framover. Omkøyring skjedde via E39 og ferjesambandet Lote-Anda.

Like før klokka 18 opplyste politiet at eitt felt var opna forbi ulukkesstaden. Ordførar Flo seier strekka er ulukkesbelasta.

– Vegeigar er godt kjend med at dette er ei utfordrande strekning og eit område vi i mange samanhengar har poengtert har utfordringar i høve til trafikkbiletet, seier han.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe er på staden. Statens havarikommisjon for transport og Arbeidstilsynet er også varsla om ulukka.

– Ein del av redningsmannskapet er dimittert, men det skal gjerast ein god del undersøkingar frå politiet si side og eventuelt ulukkesgruppa og havarikommisjonen, seier Halleraker.