Hopp til innhold

Fleire overnattar slik som dette paret

Særeigne overnattingstilbod dukkar opp i hopetal. – Ei forlenging av barndomsdraumar, seier NHO reiseliv.

Martine Sommerfeldt (25) og Alf Georg Sommerfeldt (26)

UTSIKT TIL PARADISET: Martine og Alf Georg Sommerfeldt seier at denne typen overnattingstilbod gjev dei ei oppleving av å vere tett på naturen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Høgt over bakken, der ekorn og kråker knivar om plassen har faunaen fått eit nytt tilskot.

Tretopphytter er ikkje lenger berre klubbhus og barnestrekar.

Men likevel:

– Dette er ikkje kvardagskost, seier Martine Sommerfeldt og kikkar utover Gloppenfjorden.

Ho og ektemannen Alf Georg fall for freistinga til å nyte romjula mellom tretoppane i Gloppen.

– Vi kom først og fremst hit for å oppleve snøen, utsikta og oppleve kjensla av å bu tett på naturen, fortel ekteparet som kjem frå Karmøy i Rogland.

Engeset tretopphytter på Sandane

HØGT: Mellom trea har overnattingstilboda dukka opp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Veksande trend

Dei seinare år har fleire fått opp auga for å overnatte på særeigne stadar.

På fjellknausar, i fjøresteinane, høgt blant tretoppar eller i ei kongleforma hytte på skogbotnen, moglegheitene ser ut til å vere uendelege.

– Det som er felles for desse er at dei har ei spektakulær plassering, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Satsar på det unike

For hyttegründerane Olav Aabrekk og Jan Roger Engeset har sesongen berre blitt lengre og lengre sidan dei bygga den første hytta.

– Det som er litt artig er at folk kjem spesielt for å bu her, ikkje berre fordi dei er på gjennomreise. Dette er turmålet, seier Jan Roger Engeset

I ei tid der hotell slit med å halde hovudet over vatn har det luftige hotellrommet hatt fulle bestillingslister.

– Då vi opna i mars blei det fullbooka ut heile sesongen til vi stengde igjen i slutten av november, so det har vore heilt fantastisk, seier Olav Aabrekk.

Vil ha opplevingar

NHO Reiseliv har merka seg at folk ynskjer unike opplevingar som ein kan dele og hugse lenge. Og trur at dette har forsterka seg gjennom pandemien.

At å overnatte mellom tretoppane er populær overraskar ikkje ho i det heile.

– Dette spelar på gamle draumar frå då ein var liten og ein bygga hytter oppi trea, det er noko nostalgi over det, seier Merete Habberstad.

Jan Roger Engeset (blå jakke) og Olav Aabrekk

SATSAR: Olav Aabrekk og Jan Roger Engeset er ikkje bekymra for framtida og har stadig nye byggverk på gang.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Oppleving under juletreet

Ifølge ei undersøking NHO gjennomførte om nordmenn sine julegåveplanar, kom det fram at ein av fire planla å gje ei oppleving i gåve.

– Det har nok vore ein del tretopphytteopplevingar under juletre mange stader i år, seier Habberstad.

Martine Sommerfeldt (25) og Alf Georg Sommerfeldt (26)

FRI SIKT: Frå tretoppane kan paret nyte utsikta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK