Hopp til innhold

Fleire vil gå dei mest ekstreme fjelltoppane

Stadig fleire vel å bruke ferie og fridagar til å stige opp på høgefjelltoppar. Det er blitt status å gå dei tunge toppturane, seier fylkesleiar i DNT, Marino Ask.

Marino Ask

DIGERNESET I DAG: Fylkesleiar i DNT, Marino Ask på ein roleg tur Digerneset i dag.

Foto: Privat

– Det er absolutt blitt ein trend å gå på dei høge toppane, seier Ask.

I desse dagar er det strålande vêr og det er mange som vel å bruke fridagane til fjells.

Fleire og fleire går toppturar

I 2012 var det 16 500 deltakar på dei lokale turlaga sine fellesturar. Dette er turar som gjekk laurdagar og søndagar, samt nokre turar på onsdagar.

– Det illustrerer jo at dette er noko folk likar. Desse turane er ofte tunge, og tar mellom 6–12 timar. Det kan jo nemnast at i fjor var eit år med relativt dårleg vêr i tillegg.

At det er mange som vel å bruke litt av ferien på fjellet er ikkje rart, meiner Ask.

– Vi har jo den mest fantastiske naturen i landet her, så det er ikkje rart at det er så mange som reiser til fjells. Dessutan er jo turar i fjeller ein del av sjølve tradisjonen i fylket vårt. Ikkje minst er det fleire og fleire som er i stand til å kome seg på fjellet no. Vi blir i betre og betre form, seier Ask.

Sosial aktivitet

Unni Heggedal, og sju vener har lenge hatt planar om å gå opp Slogen på Sunnmøre. Fjellet er 1564 høgt, og kjend for lange bratte parti.

For eit halvt år sidan starta ho ei gruppe Facebook der ho inviterte vener til å slå seg med på turen.

– Eg må innrømme at det var litt tøffare enn eg hadde trudd, seier Heggdal til NRK som snakka med ho på toppen.

Ho og sju vener la turen dit i sommar for, rett og slett for litt fysisk aktivitet i ferien. På turen i dag møtte dei minst 30 personar på veg opp.

– Det er tydeleg at det er mange som vil ut og gå i det fine været, seier Heggdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slogen

SLOGEN: Fjellet på Sunnmøre er 1564 høgt, og kjend for sine lange bratte parti.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

Trend over heile landet

Også i resten av landet er toppturar blitt ein aukande trend. Assisterande generalsekretær i DNT, Anne Mari Åmelfot Hjelle meiner det kjem til å bli ein kjemperekord for fjellturar i heile landet.

– Vi har jo berre kome til Juli, men det ser verkeleg bra ut, seier Hjelle nøgd.

Og nokon turar er meir populære enn andre. Dei turane som er lett tilgjengelege for folk flest er dei som er mest besøkt fortel Hjelle. Interessa har auka for kvart år, det viser igjen på besøkstala på hyttene i fjellet, fortel ho.

– Eg trur det har noko med fridomen å gjere. Det å gå frå hytte til hytte og ta alt i sitt eige tempo. Skuldrer blir senka, og vi gløymer klokka, seier Hjelle.

At det er blitt ein aukande trend med toppturar, og litt sjølvskryt syns Marino Ask er heilt supert.

– No er jo dei fleste på sosiale medium, og eg syns det er berre positivt at folk skryt litt av seg sjølve og legg ut bilete frå turar, seier han bestemt.