Hopp til innhold

Stadig fleire ferske bønder vel å ta utdanning

Landbruket har for mange nye bønder synt seg å vere så krevjande at dei vel å setje seg på skulebenken igjen.

Stadig fleire vaksne som startar som bønder finn det så utfordrande, at dei vel å utdanne seg til agronomar.

TILBAKE TIL SKULEN: Mange nye bønder gjer som Carina Schrøder og Ole Schaug, dei går tilbake til skulebenken, for å takle bondelivet betre.

Dei fleste kjenner til den nye trenden, draumen om eit småbruk, langt vekk frå kvardagens mas. No viser det seg at det for mange er langt vanskelegare og meir krevjande yrke enn dei hadde tenkt.

Det fører til at stadig fleire av dei nye bøndene ser seg nøydde til å ta landbruksutdanning.

Tilbake på skulebenken

Blant dei er Carina Schrøder og Ole Schaug, som for to år sidan kjøpte eit småbruk på Osterøy utanfor Bergen, som i tillegg jobbar i byggebransjen.

– Det er berre fantastisk, stille og fint. Men det er mykje, mykje meir arbeid enn eg hadde drøymt om, seier Schrøder.

Til hausten skal dei begge på skulebenken att, for å ta agronomutdanning og lære meir om landbruk.

Lokkast av romantikk

Magnus Vaktskjold

MERKAR AUKE: Rektor ved Stend jordbruksskule, Magnus Vaktskjold.

Foto: Mette Anthun / NRK

Magnus Vaktskjold er rektor ved Stend jordbruksskule i Fana i Bergen. Han ser at mange ikkje heilt veit kva dei går til når dei startar opp med landbruk.

– Landbruk kan lett bli noko ein knyt til romantikk, med løvetann og kaninar. Men skal du leve av landbruk så er det ei hard røynd, både med arbeid og økonomi, seier han.

Stadig fleire søkjarar

Ei ny undersøking viser at dei med landbruksutdanning gjer det langt betre økonomisk. Og interessa for å skaffe seg denne kunnskapen syner seg att på søkjartala til jordbruksskulane. Skuleplassane er svært ettertrakta blant dei vaksne.

– Søkinga har vore stadig aukande. Til hausten skal vi ta opp 14 elevar, men vi har hatt 50 søkjarar. Så dette er ein trend vi ser over heile landet, også her i Hordaland, seier Vaktskjold.

Og der skal både Schrøder og Schaug begynne, for sjølv om dei stortrivst som bønder, innser dei at dei treng meir kunnskap.

– Vi har brukt dei kanalane vi har kunne, både nettet og folk vi kjenner som driv med sau. Vi har måtte spurt mykje til råds, seier ho.