Turid Andreassen er sjukepleiar og har akkurat kome heim til Bergen frå Sierra Leone. I fem veker har ho jobba på eit Røde Kors-sjukehus med pasientar som er ramma av ebola. Ho har med seg sterke inntrykk heim.
– Du ser at familiar forsvinn, og små landsbyar blir halverte, seier Andreassen.
Minst 5000 menneske i Vest-Afrika er smitta av ebolaviruset, som har ein dødsrate på mellom 40 og 90 prosent. No er Noreg er eit av dei landa som trappar opp innsatsen mot ebola.
- LES OGSÅ: Norge aukar innsatsen mot ebola
- LES OGSÅ: Overvann ebolaviruset – vil ut i felt igjen
- LES OGSÅ: Ber fleire norske helsearbeidarar melde seg
- LES OGSÅ: Talet på døde søkk: – Me ser at hjelpa verkar
Folk ynskjer å bidra
LEDER PROSJEKTET: Ola Jøsendal i Helse Bergen har fått i oppdrag å koordinere Norges bidrag i kampen mot ebola.
Foto: Kaspar Knudsen / NRKTalet på norske helsearbeidarar som vil bidra i kampen mot ebola mangedobla seg dei siste vekene, og rundt 400 legar og sjukepleiarar har meldt seg for å reise til Vest-Afrika.
Dei neste ni månadane skal 200 norske helsearbeidarar sendast til Sierra Leone for å ta imot ebola-pasientar på eit norsk-britisk sjukehus.
Ola Jøsendal i Helse Bergen har fått i oppdrag å koordinere Norge sin innsats mot ebola, og han gler seg over alle som har meldt seg til teneste.
– Eg trur det er stor merksemd på at det er ein veldig tilstand i Sierra Leone, og at folk har eit engasjement og eit ynskje om å kunne bidra, seier Jøsendal.
Helseminister Bent Høie er klar på at dei som reiser til ebolaramma område samtidig utsett seg sjølv for ein stor risiko.
– Det seier mykje om den idealismen som norsk helsepersonell har, seier helseminister Bent Høie.
Sterke inntrykk
BRUTAL EPIDEMI: Nesten 5000 menneske er registrert døde av ebola, men WHO fryktar det verkelege talet er langt høgare. Her førebur ei gravferd i Liberias hovudstad, Monrovia.
Foto: Abbas Dulleh / ApEtter opphaldet i Sierra Leone skal sjukepleiar Turid Andreassen no tilbake i sin vanlege jobb på barneklinikken på Haukeland sjukehus.
Ho seier dei som no skal reise ut for å hjelpe ebola-pasientar må vera førebudd på sterke inntrykk.
– Du ser barn heilt aleine, som døyr heilt aleine, eller så blir dei friske og skal reise heim, men så har dei ingen å reise heim til, seier Turid Andreassen.
– Me hadde gravplass ved sida av sjukehuset, slik at dei som døde kunne bli gravlagt der, seier Andreassen.