Hopp til innhold

Fleire nordmenn til campingplassane

Kjørnes Camping i Sogndal og Sande Camping i Loen merkar auka interesse frå ferierande nordmenn.

Kjørnes Camping

NESTEN FULLBOOKA HYTTER: Kjørnes Camping i Sogndal.

Foto: NHO Reiseliv

I ei undersøking som TNS Gallup har utført for NHO Reiseliv svarar 19 prosent av dei som skal feriere i Norge at dei skal bu i campingvogn, bubil eller telt i løpet av sommaren. I fjor var det 15 prosent som svara det same.

Av dei som skal på ferie skal seks av ti feriere i heimlandet. Mange campingplassar har svært god førehandsbooking, seier avdelingsleiar for camping i NHO Reiseliv, Jan-Henrik Larsen.

Fleire nordmenn på Kjørnes

Kjørnes Camping i Sogndal er mellom bedriftene som merkar at dei får besøk av fleire nordmenn. I mai i år hadde campingplassen nesten 30 prosent fleire norske gjester enn i mai i fjor.

– Hyttene våre var så å seie fullbooka for juli og august før sommaren starta, og vi har fleire førespurnader frå gjester med vogner og bubilar, seier Eli Helga Grimsen.

Det er nordmenn, tyskarar og nederlendarar som dominerer blant gjestene på Kjørnes. Men Eli Helga Grimsen kan fortelje om meir langvegsfarande turistar.

– Vi har gjester frå alle verdas kontinent. For ei tid sidan kom det ein venegjeng frå Saudi-Arabia med bubil. Også kinesarane ynskjer å kome hit både med bubil og for å bu i hytter.

Sande Camping ved Lovatnet

JUNIREKORD: Sande Camping ved Lovatnet ligg an til rekordsommar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Tidenes beste juni

På Sande Camping ved Lovatnet i Stryn kommune trur Turid Sande Beinnes på ein rekordsommar.

– Det har aldri vore større pågang. Vi hadde tidenes beste juni månad, og hyttene er nesten fullbooka for juli og august. Det er veldig mange bubilturistar frå nærområda som har oppdaga oss, og det har ført til at vi har hatt fullt på campingplassen kvar helg i juni.

Fakta om camping:

  • Totalt tal gjestedøgn for norske campingplassar i 2015 var 7,1 millionar. Vel 1,4 millionar av desse var utanlandske overnattingar.
  • Nordmenn er den største marknaden for norske campingplassar. Tyskland er den desidert største utanlandske marknaden med Nederland på andreplass. Deretter følgjer dei skandinaviske landa Sverige og Danmark.
  • Oppland er landets største campingfylke med 868.605 overnattingar i 2015. I Sogn og Fjordane vart det registrert 717.574 campingovernattingar i fjor.
  • 70 prosent av trafikken er i juni-august. Juli er månaden med flest overnattingar på norske campingplassar.

Kjelde: SSB/NHO Reiseliv