Hopp til innhold

Fleire nordmenn ferierer i Norge

Stadig fleire nordmenn legg ferien her heime. Og det kan bli endå fleire – no ser det nemleg ut til å bli eit statussymbol å feriere i Norge.

Kajakkpadling.

STATUS: Det er viktig for mange å kunne skryte av det ein har gjort i ferien. Kajakkpadling i Nærøyfjorden er både spennande og spesielt, og er truleg noko mange vil fortelje om til både naboar og kollegaer.

Foto: Willy Haraldsen / Scanpix

Berre i fjor auka talet på nordmenn som ferierer i heimlandet med 14 prosent frå året før.

Wenche Salthella frå NHO Reiseliv i region Vest har stor tru på Norge som eit populært reisemål. Også for nordmenn.

– Det kan verke som om folk får meir og meir auga opp for å oppleve spennande ting når ein er på ferie, fortel ho og seier nettopp spennande ting er det folk kan få her til lands.

Viktig å kunne skryte litt

Tradisjonsrikt, mektig og ikkje minst vakkert. Det finst mange grunnar til å reise innom for eksempel Vestlandet på ferie.

Men det er kanskje ein grunn som betyr mest, og den gjer seg gjerne gjeldande når ferien er over.

– Når ein kjem heim frå ferie er det viktig å skryte litt til arbeidskollegaer, venner og naboar om kva ein har gjort.

– Det er ikkje tvil om at ein i Norge kan oppleve veldig mykje flott og spennande, og vi ser at det er blitt meir aktuelt enn tidlegare å reise i eige land, seier Salthella.

Kan få det like billig her

Det er altså blitt nesten som eit statussymbol å ta ferien i Norge. Det har også Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord AS merka seg.

– Eg trur nok det kan stemme det, iallfall for nokre plassar. Nokre av dei finn vi på Vestlandet, og Sognefjorden og områda rundt er nokre av dei. Også Lofoten veit eg har fått status i forhold til å reise i eige land, seier Brandshaug.

På spørsmål om kvifor trekk han fram merkevara Norge. Ein merkevare som har blitt bygd opp over fleire år, og som nordmenn sjølv også får auga opp for.

– Kvifor skal vi reise til New Zealand eller Alaska for å gå gode naturopplevingar? Kanskje kan vi gjere det i eige land til same pris eller kanskje litt billegare om ein reknar det i forhold til dei litt meir eksklusive utanlandske reisemåla, seier Brandshaug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Salthella
Foto: NRK

Men sola lokkar framleis ...

Men, og det er eit men. Det er som vanleg ein viktig faktor som uansett lokkar nordmenn til kvite strender og asurblått hav. Uansett kor mange opplevingar reisemåla her heime kan freiste med.

– Vi nordmenn bur i eit kaldt land. Om vi har hatt ein lang kald vinter, og kanskje også ein veldig dårleg vår, så er det mange som ønskjer litt varme og sol på kroppen.

– Då ser vi i større grad at folk tek seg ein tur til utlandet, enn å velje ferie i Norge som dei kanskje eigentleg hadde tenkt seg, seier Salthella i NHO Reiseliv.

Har trua

Men for i år trur Brandshaug at det kan vere håp om at mange nordmenn blir her heime.

– Det har vore ein veldig fin vår og sommar med ganske fint vêr. Mykje sol og lite nedbør, kanskje litt kaldt, men også gode temperaturar i store delar av landet.

– Eg trur folk håpar på ein god sommar og tek sjansen på nokre dagar i eige land, seier han.