Hopp til innhold

Fleire møte mellom bil og hest på vegane – Ina fryktar liv kan gå tapt

Sidan tusenårsskiftet har det vorte tre gonger så mange hestar i Noreg. Kunnskap om hest må inn i køyreopplæringa, konkluderer ny rapport.

Hestar i trafikk på Nordfjordeid

SKREMMANDE: Ina Steiro Herstad opplevde at eit vogntog ikkje ville vente til ho var ute av vegen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I førre veke var Ina Steiro Herstad på tur med hestane sine. For å kome seg frå stallen til ridebana må ho også ein kort tur innom E39.

Rett før utkøyringa ser ho tre lastebilar som kjem bak seg.

Store bilar kan vere skumle for hestar, så for å unngå ein farleg situasjon signaliserer ho at sjåføren bør halde avstand.

– Eg viste klart og tydeleg at vedkomande må seinke farten, seier Steiro Herstad.

Så langt er partane einige om handlingsforløpet. Men herifrå skil dei lag

– Sjåføren kjem sigande heilt opp i ræva på hesten, og peiser forbi, samstundes som han gir meg fingeren, seier Steiro Herstad.

Ho legg til:

– Fy flate kor sint eg vart!

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i selskapet som eig vogntoget.

Ifylgje dei var det ikkje langfingeren som vart brukt, men peikefingeren – for å peike på grusvegen langs E39 som er gang- og sykkelveg.

Hest reddet ut av veltet hestehenger på E18

2019: Veterinær Jeanette Svendsen frå Trøgstad dyreklinikk sjekkar at Gammur har det bra etter velten på E18. Køen var stor i begge retningar etter uhellet.

Foto: Freddie Larsen

LES OGSÅ: Her vert Gammur (17) redda etter at hestehengaren losna i fart på E18

Seier han gav peikefingeren og ikkje langfingeren

– Det er stor underrapportering på personskadeulykker relatert til hest i trafikken, seier Eva B. Dalland.

Ho er førsteamanuensis ved Nord universitet og har leia forskingsprosjektet «Hest i trafikk», som nett er ferdigstilt.

I dag er det meir enn 100.000 hestar i Noreg, og ifylgje Vegtrafikklova er dei nøydd til følgje reglane for «køyrande trafikk». Det betyr at dei ikkje kan bruke gang- og sykkelvegar.

Lova er moden for endring, konkluderer rapporten, og peiker mot Finland som justerte eit tilsvarande lovverk i 2020. Der kan hest og ryttar nytte gang- og sykkelveg «om dette ikkje er til fare eller ulempe for andre mjuke trafikantar».

Forskingsrapporten peikar vidare på andre tiltak «for å forbetre samspelet mellom hestebrukar og andre trafikantar».

Eit konkret forslag er å ta temaet inn i føraropplæringa.

Det same har Norsk Hesteeierforbund etterlyst.

– Hest kan vere et sjansespel

Direktør ved Norsk Hestesenter, Cecilie Gaarder Skaug, seier det har blitt vanlegare at ridande og bilistar møtest på vegane.

– Vårt råd til bilistane er å bremse ned til 25 kilometer i timen, og passere med god avstand, seier ho.

Ho minner om at hestar er redde for «brå rørsler og høge lydar» og at dei er programmerte som eit fluktdyr. Det betyr at han fort kan springe i motsett retning av det bilføraren reknar med.

I 2019 vart prosjektet Hest i Trafikken initiert av Trøndelag Hesteeierforening og Norsk Hesteeierforbund.

Blant dei som deltok ved lanseringa var Märtha Louise.

– Denne saka er superviktig å stille opp for. Å køyre eller ri hest på trafikkerte vegar kan vere et sjansespel. Eg har sjølv opplevd biler i full fart forbi meg når eg har ridd ute i trafikken, uttalte ho til Trønder-Avisa.

1999: Märtha Louise med sin nye hest Lenaro.

1999: Å køyre eller ri hest på trafikkerte vegen kan vere et sjansespel, sa Märtha Louise i 2019.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

– I verste fall kan liv gå tapt

Ina Steiro Herstad seier ho prøver å unngå vegbanen mest mogleg.

– I verste fall kan liv gå tapt. Vegen er kort til at dette går gale, eg trur ikkje dei som er på vegen tenker over følgjene. Eg håpar det kjem ei haldningsendring, at folk ikkje utagerer ved å berre gasse forbi.